Markaslått foto Anne Vognild Einum

Om å skrive med lys

Dei 25 personane som 27. mars høyrde Anne Vognild Einum fortelje på Senioruniversitets-møte i Surnadal om hobbyen sin og fekk sjå eit lite utval av bilda hennar, fekk eit svært interessant innblikk i kunsten «å skrive med lys». Ikkje berre fekk vi ei rask historisk innføring i korleis augneblinken gjennom foto-apparatet etter kvart kunne fangast til varige bilde, til formidling, dokumentasjon og kunst. Historia er ikkje lang. Og det var ikkje før i 1975 at vi fekk dei første digitalkamera, og i 2002 kom dei første kamera på mobiltelefonen.

Vi fekk og eit innblikk i hennar personlege interesser i dette: dei menneskelege relasjonane og menneska i naturen. Gode bilde formidlar også kjensler. Og som eksempel fekk vi sjå eit utval av familiebilde, under tittelen «Ein farfar i livet - - «. Her vart fotografens kunnskapar og holdningar til fotografkunsten uttrykt i vakre, varme, nære og uttrykksfulle bilde av natur og menneske, arbeid, leik og aktivitetar, bestefar og barnebarn. Heldig er den familien som har ei bestemor som kan ta vare på så mange av dei gode augneblinkane!

EHA

 

Foto: Anne Vognild Einum