Om Olav Gullvåg på åpen dag

Eivind Hasle fortalte om journalisten og forfattaren Olav Gullvåg på Åpen dag den 31. mars.

31.03.2016 035.JPG
Eivind Hasle har skrive bok om bestefaren, Olav Gullvåg.
 

Eivind Hasle har skrive bok om bestefar sin, Olav Gullvåg. Tittelen er «Olav Gullvåg Bladmann og bokmann». Boka kom ut hausten 2015, til 95-årsdagen til Åse Gullvåg Hasle, mor til Eivind og einaste gjenlevande av dei fire borna til Olav Gullvåg.

Olav Gullvåg (1885 – 1961) var trønder, oppvaksen både i Klæbu og i Trondheim. Han var nynorskmann og arbeidde som journalist i nynorskaviser, flest år i avisa «Norig» som kom ut i Skien og i «Gula Tidend» i Bergen. Han vann ein konkurranse då han skreiv kantaten «Heimferd» for å markere 900-årsminnet for helgenkongen Olavs fall på Stilkestad i 1030.

Olav Gullvåg kjempa for at byen Trondheim skulle heite Nidaros. Dette skaffa han mange fiendar, og kantaten vart ikke oppført i Trondheim før i 1937. Seinare er kantaten ofte kalla «Olavsoratoriet».

I 1929 reiste Olav Gullvåg ut i verda. Han tok med familien, og dei gjekk frå Skagen i Danmark til Italia. Det var han, kona Katie, og fire born mellom 13 og 4 år. Der budde dei i ein liten landsby, Mori, i to år.

Etter denne turen arbeidde han som forfattar. Han skreiv ein romanserie i 10 band. Den første boka heitte «Det byrja ei jonsoknatt» og kom ut i 1937. Boka vart svært populær, først i Tyskland. Ellers er han mest kjend for Stiklestadspelet som vart framført for fyrste gong i 1954.

31.03.2016 040.JPG
Forfattarmøte.

31.03.2016 043.JPG
Første boka i romanserien som kom i 10 band. «Det byrja ei jonsoknatt» kom i 1939.

31.03.2016 046.JPG
Spelet om Heilag Olav, Stilklstadspelet var framført første gong i 1954. Det er også kalla «alle spels mor».
 

Olav Gullvåg var ein svært produktiv mann, både som bladmann og bokmann. Han gav også ut dikt. Den siste samlinga heiter «Skrift i sand».

Eivind Hasle fortalte med stor innleving og solid kunnskap, og pensjonistane fekk ny innsikt i ei tid dei kjenner frå før.

Åpen dag heldt fram med servering og utlodning. Mange fekk med seg gevinstar heim. Eivind Hasle gav ei bok til utlodninga, og Astrid Flø vart den heldige vinnaren. Ho var den som hadde ansvar for  utlodninga, så det var fullklaff.

Neste Åpen dag er 14. april. Då blir det reisebrev frå Kambodsja, Laos og Vietnam.      

 

Tekst og foto: Helene Nergård