IMGP1149

Ompa til du dør

Den tredje jubileumskonserten til 40-åringen Blæst’n i Rindal tyder verken på at dei dør eller at dei sluttar å spele! Vi vågar å seie at dei er betre og meir allsidige enn nokon gong!

Når dei i tillegg til at hadde fått med seg mezzosopranen Turid Røen Kroknes og gitaristen Jo Ranheim, løfta fram mange solistar frå eigne rekker, så måtte dette bli ein kjempekonsert!

IMGP1195.JPG
Solistar var frå venstre: Lise Dagrun Løset, Gro Løfaldli, Olav Morten Tørset, Magne Lillegård, Kåre Svartbekk, Turid Røen Kroknes og Jo Ranheim.

Blæst’n introduserte seg med «Just a Closer Walk with Thee» før dei framførte ein ekte tyrolermelodi, «Von Freund zu Freund», for å avslutte den første avdelinga med eit utfordrande arrangement av middelalderballaden «Jeg lagde meg så silde» med solo av Kåre Svartbekk på tuba. Dette fortel eigentleg det meste om spennet i konserten og i repertoaret til Blæst’n.

IMGP1167.JPG
Gjestar på denne konserten var mezzosopranen Turid Røen Kroknes akkompagnert av Jo Ranheim på gitar. I denne avdelinga fekk vi viser av Jørgen Gravvold og Geirr Lystrup, for å halde fram med ei vise om utvisinga av den russiske studenten Maria Amelie for nokre år sidan.

- Dessverre er visa like aktuell no som da ho var skrive, kommenterte Turid.

Med leikande gitarakkomagnement fekk vi så oppleve to songar som var nokså ulike, først «Vår Herres klinkekuler» av Erik Bye, så Negro Spiritualen «Joshua Fit the Battle of Jericho». Den siste vart nærmast negroid framført av Turid. Konferansier Olav Morten Tørset kunne fortelle at Jo hadde «stole» to bass-strengar og hatt på eine gitaren sin slik at han kunne spele både bass og gitar!

IMGP1168.JPG
I neste avdeling fekk vi høre Blæst’n med Gro Løfaldli som solist på horn i Elvislåta «Love Me Tender», før Magne Lillegård (over) song solo på Stings «Moon over Bourbon Street» frå slagverkstolen.

- Dette hadde han prøva før, som dirigent og lun konferansier Olav Morten Tørset sa. Dermed trekker vi fram den som vanlegvis sit bakafor alle dei andre med trommene sine!

Ola Bremnes sin song «Har du fyr» vart framført med Lise Dagrun Løset solo på baryton. Enda ei avdeling med fin breidde,

IMGP1178.JPG

Så fekk Blæst’n hjelp av Turid Røen Kroknes på tre nummer. Etter den svenske «Visa från Utmyra», framførte dei standardlåta «Dream a little dream» frå mellomkrigsåra med tidsriktig slepende gjennomført solo av Turid. Dei runda av med ei lys og vårleg versjon av Rolf Løvlands «Danse mot vår» som Elisabeth Andreassen gjorde kjent. Her fekk Turid vise spennet i stemmen sin!

IMGP1181.JPG
Blæst’n har framført Jan Magne Førdes «Domen» mange gonger med dirigent Olav Morten Tørset som trompetsolist, og den let mesta like godt i Rindalskjerka som i Nidarosdomen.

Avskjedsnummeret denne kvelden var Kaizers «Ompa til vi dør», men ingen ting tyder på at dette blir avskjeden vår med Blæst’n! I valget mellom «Førti, feit og ferdig» og «Førti, frisk og freidig» går dei så klart for siste alternativ!

2019-06-29 19.16.45.jpg

IMGP1157.JPG

IMGP1156.JPG
Musikalsk ledar, dirigent og konferansier Olav Morten Tørset og alle "40-åringane" kan vere svært godt nøgde med den fine musikkstunda dei delte med oss denne lørdagskvelden. Trollheimsporten gratulerer jubilanten enda ein gong, og vi gler oss til neste konsert!

IMGP1153.JPG