Opning for full musikk
Søndag opna Rindal skimuseum sommarsesongen for full musikk - først og fremst ved hjelp av musikkorpset Blæstn, men også søgen av over 200 besøkande skapte god stemning.
Veret var ikkje så fint at folk fann på noko anna, men heller ikkje så surt at dei måtte vere innadørs. Dermed vart skimuseet ein naturleg møteplass for mange rindalingar, men også for tilreisande denne søndagen
Nytt av året var marknadstelta på tunet og fleire nye premieutstillingar inne på Skimuseet. Og mat var det å få kjøpt både i kafeen på Skimuseet og hos venneforeninga i Bjørnåsstuggu. Det var så mange som kjøpte rømmegraut med spekemat, at dei måtte skaffe ekstraforsyning av rømmegraut!
Det var svært mange som kosa seg med mat både på museumskafeen i Skimuseet (over) og hos museumsvennene i Bjørnåsstøggu (under).
Blæstn fekk servering i Løsetlåna.
Spesielt for i år er at Rindal skimuseum kan vise ei minneutstilling over skiløparen Olav Langli som omkom i ei tragisk bilulykke 17. mai 1975, midt i ein svært lovande skikarriere.
Birgit Landsem er glad for at ein stor del av premiane til mannen, Edvin Landsem, no er på plass i Rindal skimuseum.
Nytt er også at Rindal skimuseum kan vise fram sølvmedalja som Mikal Kirkholt tok i stafetten under OL i 1952.
Wenche Bergmann i marknadsteltet sitt.
Ingeborg Sande sitt Hjerterom.
Ingunn Løset kunne by på mykje godt for munnen! (Over og under)
Eva Britt Skjølsvold selde ut heile lageret sitt med heimbaka flatbrød på rekordtid.
Nina Nilsen Nordlund i lag med datter Nathalie selde heimbaka kanelsnurra og anna brød, syltety og assortert utvalg av planter, mesta som ein eigen marknad!
Solveig Haglund med utvalg frå verdenshagen sin, som du kan lese meir om her på Trollheimsporten!
Museumshønene var også på plass, og dei hadde alt kvittert med å legge egg, så her blir det bakels med ureiste egg i sommar!
Tekst: OleT/Foto: Kari Elin.