Randi og Sverre Hatle_720x479

ORD og TONAR i Kallastua

Hovudtemaet laurdag ettermiddag var den nyst utkomne diktboka ”Å vera her”, som er eit utval av likt og ulikt som Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle har skrive gjennom åra. Musikalske gjester var songaren Sigrid Vetleseter Bøe akkompagnert på piano av Hedda Hansen Berg.

TONE-delen, med Sigrid Vetlesæter Bøe og Hedda Hansen Berg var første programpost under denne ettermiddagsstunda på Kallastua i Surnadal. Dyktige musikarar med surndalsbakgrunn begge to. Begge studerer musikk ved NTNU, Sigrid song og Hedda piano (sjuande året!). Dei opna med italiensk opera, som dei også gjorde i Britanniahaven under Olavsdagane. Resten av programmet deira var Grieg med m.a. «Solveigs sang» og «Jeg elsker deg», nydeleg gjennomført av sopranen Sigrid Vetlesæter Bø med godt tonefølgje av Hedda Hansen Berg.

Det var mesta vondt å vente med applausen til slutt. Mange ville så gjerne uttrykke begeistringa si over dei vakre musikalske tolkingane, men sidan dei var oppmoda om å vente til slutt med applausen, nøyde dei seg med positivt nikking og fornøgd minespel.


 Hedda H.Berg og Sigrid V.Bøe
   

 

Det er ikkje gull alt som glimar 
 

Det er ikkje dikt alt som rimar

 

    - sa Randi Skrøvset Hatle innleiingsvis i ORD-delen av programmet. Deretter kom gullet og dikta, og denne ettermiddagen både glima og rima det!


 Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle med illustrasjon til diktet Roser og kaprifol (s.53 i boka)

Vi fekk ein fin presentasjon av innhaldet med mange smakebitar frå begge forfattarane. Fleire av dikta er tonesett av Trygve Brøske og forfattarane sjølve, eller skrivne til folketonar. Forsamlinga fekk vere med på å synge mellom anna «Ved sommarstill elv» som Trygve Brøske har tonesett til Famntak si plate «Leirfivellandet», og «Du er mi øy i havet», omsett og omdikta irsk bøn til rindalstonen på «Se solens skjønne lys og prakt.» Det siste gledde oss rindalingar som var tilstades!

For nokre år sidan var det konkurranse om fylkessong for Møre og Romsdal. Sverre Hatle sende inn songen «Ei ferjereise over fjorden». - Eg vann ikkje, men eg skjemmest ikkje av den, sa Sverre. Forsamlinga song denne songen også til tone av Sverre, harmonisert av kantor Oddveig Helset Halle (til venstre).

 

Bakgrunnen for heftet var at Sverre og Randi i mange år har skrive dikt og småstubbar som julehefte til venner og kjente. Tekstene er kvardagsfilosofi frå rakkelvers til salmar skrive over 30 år, seier Sverre.

 

Alt er skrive på eit godt og klårt nynorsk, - eller på dialekt. Sverre er rimsmeden, medan Randi gjerne nyttar friare form i tekstene sine.

 

Illustrasjonane i boka er foto av tekstilapplikasjonar og bilete måla av Randi.


 

Sigfred Gravvold (til høgre) leda samværet, og Surnadal Heimbygdlag stod for kaffematen.


 

Du kan få kjøpe boka «Å vera her» hos Surnadal Heimbygdlag eller hos forfattarane.

 

Forsamlinga
Det var folksamt i Kallastua under Boksleppet laurdag ettermiddag
Trygve Roaldset og Sverre Hatle
Leiaren i Surnadal Heimbygdlag, Trygve Roaldset takka forfattarane med blomster