IMGP1228

Ostoppele på heimebane

Det var ein glad Jo Sverre som kom heim for å spele under Kulturvøkku 2019. Han har hatt lyst til å spele på heimebane lenge, og søndag kveld var alt klart.

Det vil seie, så klart var det ikkje! Overskya vêr med trussel om regn gjorde at konserten, som var planlagt på tunet til Rindal Skimuseum, måtte flyttast innadørs til Torshall. Det var han glad for når han kjørte nedover til lokalet i kveld.

Jo Sverre rosa dei som hadde ordna det slik at konserten kunne leggast til Torshall på så kort varsel som det vart. Så får vi håpe på utekonsert neste år!

IMGP1203[1].JPG
Der fekk vi ein stor time med Jo Sverre sin pop på rindalsdialekt, både kjent og ukjent stoff.

IMGP1202.JPG
Med seg denne kvelden hadde han Olav Nergård Tørset (over) på perkusjon og Lars Frengstad (nedafor) på piano/synth, ein svært samspelt gjeng.

- Det er berre ein som har halde ut med meg lengre enn Lars, sa Jo Sverre, og viste til perkusjonist og sambygding Olav Nergård Tørset.

IMGP1221[1].JPG
Vi fekk sjølvsagt høre dei mest kjente songane hans, ”Ka Om”, ”Nå Ækte” og ”Ostoppele”, som har gjort han kjent for heile landet gjennom norsk radio.

Jo Sverre fortalte at han lika best å spele gitar, men sidan ingen av dei andre han spelte i lag med ville synge, så måtte han gjere det. Det var ingen andre som ville skrive tekster til melodiane han leika fram heller, så da måtte han gjere det også sjølv.

Han sa at han hadde vanskeleg for å skrive lystige songar. Døden var del av tema i mange av tekstene, men han framførte også kjærleiksvisa «Hæm» til heimbygda, til saknet av ro og av fjella som ser ned på han.

IMGP1231.JPG
Etter at dei hadde spela ein ny låt, - i H-moll, og truleg kallar dei den «Bli så de» (Bli som deg) der teksta var innom sosiale media og «likes», fortalte Jo Sverre at dei hørte på applausen etter songane for å finne ut om dei skulle gje dei ut eller ikkje. Her kunne nok forsamlinga vore tydelegare, for det tok ei tid ut i konserten før ein merka at publikum var med. Litt «o-ing» fekk han trass i alt publikum med på. Kanskje vi er litt treige?

Radiohiten «Luftslott» fekk vi høre utan munnspell, i gitardrakt med Jo Sverre, slik han eigentleg meinte den skulle vere. Likevel kan det hende at ein habil munnspelar i landsdelen kunne fått spele i lag med desse tre karane.

Når konserten vart avslutta med «Ka om», var i alle fall folk med, og riktig mange var framme med mobilane for bilde og video! «Ostoppele» var spelt tidlegare, konserten var slutt.

IMGP1228-001[1].JPG
- gje me et hjerte e kanj føl

2019-06-30 18.46.10.jpg
Jo Sverre med band lokka fullt hus i Torshall.

2019-06-30 19
2019-06-30 19
2019-06-30 19
IMGP1208
IMGP1214
IMGP1218
IMGP1219
IMGP1227
IMGP1230
IMGP1234
IMGP1237
IMGP1239