Pensjonistforbundet-Logo

Surnadal pensjonistlag melder:

Pensjonist? Meld deg inn i pensjonistlaget!

Med eit heller labert pensjonsoppgjer attom oss,er Norges Pensjonistforbund svert interessert i å få fleire medlemmer. Eit stort forbund gjev pensjonistleiarane meir tyngde i drøftingane med regjeringa om vilkåra for pensjonistane. Eit sentralt ynskje er å få forhandlingar omtrent slik landbruket har det. I heile landet er det omglag 900000 pensjonistar, - ca ein firedel av desse er medlemmer i Norges Pensjonistforbund.

I Surnadal Pensjonistlag er vi omlag 215, - ikkje så reint få, men vi har god plass til fleire.

Det er mange pensjonistar i kommunen vår som vi gjerne skulle hatt som medlemmer. I dag som pensjonsalderen har gått ned, er det mange yngre som vi hadde hatt god bruk for, og som kunne funne glede og trivsel i å vera ilag med oss.

Kva er det så vi kan tilby? I vinterhalvåret har vi trivelege medlemsmøter kvar månad. Desembermøtet er god julemiddag på folkehøgskulen, årsmøtet er i februar med valg til ulike komitear. På medlemsmøta er det song og musikk, underhaldning (kåseri, politikk, quiz o.a.), servering og loddsal. Haust og vår går vi på «Stavgang» ein dag i veka, lette turar som alle kan vera med på. Om vinteren har vi trimgruppe som møtes til innadørs mosjonering. Vi har hatt dataklubb som p.t. ligg og ventar på å bli oppatstarta. Sist vinter arrangerte vi Trivselskveldar med mat og dans på hotellet, det funka bra og skal prøvast til vinters att. Vi har stelt til reiser av ulik karakter og lengde, med god oppslutning.

Kommunen steller i stand Frivilligsentral for tida, og der ser vi for oss aktivitetar vi kan vera med på og påverka og delta i. Sist men ikkje minst kan vi vera med å gje innspel til kommuneleiinga om saker som er vesentlege for dei eldre. Og eldre blir vi alle som er så heldige å få leva!

No er det sikkert einkvan som seier at dette er tamme saker. Greit det, men så meld deg inn i laget vårt og kom med framlegg til endringar og forbetringar. Velkommen skal du vera!

Ein tanke vi har hatt for oss,er å starte ein ny turgruppe: vi kan kalla det «Stavlausgangarane», som kan gå lengre og brattare turar (som rekruttering til Stavganggjengen!): Det er veldig triveleg å gå ilag på tur, ikkje minst matpausane er gode.

Eg skal ikkje her prøve å legge dykk orda i munnen, dette er berre ein freistnad på å seie at den forma pensjonistlaget har i dag ikkje er hoggen i stein. Vi trur at eldre og yngre eldre saman kan påverka tilværet for seg sjølve og andre positivt. Det blir mange av oss etter kvart!

Vil du melde deg inn, så ring til Jorunn tlf 90151989 eller Grethe tlf 90854752. Velkommen skal du vera!


På vegne av styret i Surnadal Pensjonistlag

Kristian Ranes