Markaslått

Surnadal heimbygdlag

Populær «markaslått» på Mo Skule

Dei som hadde trossa regnvær og vind og teke turen til Mo skule denne kvelden, fekk ei fin stund med mimring om svunne tider i form av bilete og tekst, frå då Mo skule hadde markaslått som valgfag i skuleåret 1980/81

Publikum, meir enn hundre(!) i talet hadde teke turen for å sjå og høyre om skuleprosjektet Mo skule hadde i skuleåret 1980/81. Svein Sæter losa oss gjennom kvelden på sedvanleg sikkert vis.

Prosjektet gjekk ut på å få ta del i arbeidet med å lage høy-såter på gamalmåten. Oddvar Moen var lærar og hadde samla samen bilete frå arbeidet og laga ein film med kommentarar slik at vi som såg på, vart tekne med på heile prosessen frå kvessing av ljå, tinning av rive, slått, setting av såte og heilt til at fòret hadde kome ned til bygda på «dragarkjelke». «Læremeistrane» som elevane hadde var Lars I Moen, lokalt kanskje meir kjend som Lars «Smed»  og Ola A og  Gerd Moen, (Volla).

 Det var verkeleg artig, ja til tider rørande å sjå og høyre om korleis markaslåtten vart gjort og fleire historier frå « gamle dagar» var å høyre på filmen. Erik Moen, som hadde forteljarstemmen i filmen, gjorde at vi fekk eit flott innblikk i arbeidet.

Fleire av elevane som var med på dette for nesten førti år sidan, var til stades denne kvelden og dei kunne fortelja at valgfaget markaslått var noko av det dei hugsa best frå tida si på Mo skule.

Surnadal Heimbygdlag har teke på seg fullføring og distribusjon av stoffet i form av ein DVD med innlagt teksthefte og var arrangør av tilstelningen denne kvelden.

Heimbygdlaget nytta høvet til å dela ut Måldiplom 2018  til Oddvar Moen for arbeidet han har gjort for heimbygdlaget  og for å ha fronta nynorsk målform gjennom mange år, både her i Surnadal og på sørlandet kor han no er busett.

Karstein Mauset underheldt med song og gitarspel.

Ein verkeleg fin kveld som fleir må få med seg viss dei for sjansen ved seinare høve!

Folksomt.JPG
Folksomt på "kaffelag" etter filmen!

Kjøkkengjengen.JPG
Sanitetskvinnene frå Øvre Surnadal sto for servering. Her representert med Margit Fugelsøy, Reidun D. Nerland, Grethe Mauset og Jorunn Rindal

Leif Arne Børset.JPG
Leif Arne Børset, som var ein av elevane på prosjektet, får utdelt DVD frå heimbygdlagets Sverre Hatle og Trygve Roaldset.

Markaslått Mo 1980-81.jpg
Bilde frå 1980 med blide elevar og rutinerte lærarar.

Travelt ved salgsbordet.JPG
Travelt ved bordet der DVD og bøker vart seld.

Oddvar Moen Prisvinnar.JPG
Prisvinnar Oddvar Moen får diplom av Eivind Hasle og Trygve Roaldset.