Profilerte a Nonnon Tore Mayse ingr

Bøfjorden Historielag melder:

Profilerte bygdetiltak

Saman med Bøfjorden Historielag deltok May Iren Dønheim Hovde, Tore Sannes og John Nonnon Heggem i søndagens presentasjon av frodig aktivitet i lokalsamfunnet.

Ein flora av eksisterande tiltak og spennande visjonar vart viste i historielagets biletserie på lerretet. Mest om Bøfjorden – og med blikk for samanhengen fortid, notid og framtid. Programmet «vandra» gardtales bygda rundt – med tradisjon og gründerånd hand i hand.

Kafe og kraftverk

På Lerkebakken driv frisør Tanja Heggem Grimsmo med «Klippekafe» i lokale prega av tidlaus sjarm.

Broren John (Nonnon) Heggem gjorde greie for Heggemselva Mikrokraftverk, som Heggem og nabogarden Dragset starta i vår. - Verket produserer opptil 75 kW og forsyner 25 husstandar med strøm, forklarte han. Nonnon hadde også eit sterkt innlegg om viktigheta av det sunne landbruket som unge bønder i bygda står for – både enkeltbruk og den moderne samdrifta med robotstyrt fellesfjøset i Settemsdalen. Han tok også eit oppgjer med noko av dagens miljødebatt: - Mange misforstår samanhengen mellom krøtterhald og CO2-utslepp! poengterte han.

I tråd med dette satsar lærar og nabokone Bodil Kvam Aasbø på å gi skuleelevar innsikt i livet på ein gard. Fjorårets suksess med «Farmen Dragset» fristar til gjentak i haust. Bodil leier også barnegruppa «Amigos», som med song og kreativitet skaper liv både på bedehuset, i kyrkja og i bygda elles.

Historisk

Bøfjorden har historie frå steinalderen. Midt i syntesen mellom fortid og framtid står Bøfjorden Historielag. Sommarsøndagane på sjøbruksmuseet samlar i snitt eit halvt hundre menneske om kulturhistoriske program og sosial trivsel. Laget står gjerne i spissen for innhaldsrike Bøfjord-helger og årlege Fjorddagar. Historielaget gir også ut lokal litteratur som sel godt – dialektheftet «Teft og tykkje», folkeminnesamlinga «På eventyrvis» og årboka «Gamle Nordmør».

Elles tok programmet for seg Bøfjorden Småbåtforening og hamna ved Elvanesset, der Staknes Fyrlykt no har fått ny framtid som eit bokstaveleg lysande kulturminne. På Elvanesset har Bøfjorden Utvikling hytteby, restaurant og flytebrygge – som endatil er konsertarena og sentrum for årlege «Elvanessetdagar». Her opptrer både tilreisande og lokale krefter, som bandet «Per Jarle and The Big Mamas». Elisif Sæthervik står bak «Gammelskulen Skrot og Gjenbruk» - eit poplært loppemarked.

Med sine åtte arbeidsplassar driv Bøfjorden Sag moderne trelastindustri på historisk grunn - ved tuftene etter Zetumb Saug frå hollendertida på 1600-talet. Saga har 8 tilsette og foredlar årleg 5 000 kubikkmeter tømmer. Spesialprodukt er lafteplank og takåsar, i lang tid også dekk til offshorefarty.

Hytteområde

Aust for Settemsørane ligg Steinholmlia Hyttefelt, der mange nyter Bøfjorden i helger og feriar. «Røsslyngen 4H» har i periodar stor aktivitet og har bygd gamme ved den idylliske badeplassen Mjøksanden. Her blir også skotthyllbane.

Lenger inne i fjorden finn vi Gammelsaga Hyttefelt, der eigarane Ann Kristin Engset og Tore Sannes har spennande utbyggingsplaner på tegnebrettet. Der har også kyrkjebåten «Hjelmkonnå» naust og tilhald. Tore er høvedsmann og pådrivar for den flotte båten, bygd i 2009 etter modell frå 1800-talet. - Båten har enno ikkje tapt ei kapproing, seier Tore. - Hjelmkonnå er ideell både til trening, som kulturhistorisk samlingsfaktor og som tilbod til bedrifter og lag som ønskjer spektakulære utflukter.

Bølandet, butikken og Buakokkå

Bø Grendalag driv det historiske forsamlingshuset Kveldheim som lokale for kunstutstillingar, basarar, ymse treff – ja, endatil felles slåttagraut! Grendalaget har også kafeteria på den nedlagde kassefabrikken Saga under den årlege Fjorddagen.

Samarbeidsprosjektet Fjorddag gjenoppfriskar unike sjøfartstradisjonar knytt særleg til hamnemiljøet Ilabukta på Bølandet. Der ligg også samvirkelaget Coop Marked. Leiar Mayse Dønheim Hovde utfordra på museumsmøtet til enda meir aktiv bruk av nærbutikken for å sikre framtida. Ho ønskjer at bua også skal vera ein fellesarena i bygda og har satsa mykje på sosiale tiltak som grilling, open kafe og gratis frukost på spesielle dagar. Som tidlegare restauranteigar organiserer ho frå tid til tid middagsservering i grendahuset og leverer mat til ulike arrangement - da som «Buakokkå». - Men vi føler at vi må stå ekstra hardt på her i lille Bøfjorden for å bli sett, seier Mayse. Saman med Tore Sannes og fleire vil ho ta initiativ til vidare idedugnad om profilering av gode tilbod i bygda. Elles var temadagen på museet oppfølging av idemøtet tidlegare i år - om nettopp profilering av bygda.

Idrett og kultur

Bøfjord Idrettslag og Hjelmen Skytterlag er fine aktørar i bygdemiljøet. Om seniorfotballen ligg i dvale, er yngste garde i idrettslaget absolutt «på banen». Sykkeltrim og turaktiviteter engasjerer også mange. I skyttarlaget er unge Eline Lillegård av dei mest profilerte og har allereie ein velfylt premieskåp.

Bøfjorden Grendahus er eit resultat av sterk lokal dugnadsinnsats for 25 år sia - eit flott bygg som gjer store kultursatsingar muleg. Nesten årleg har Bøfjorden Teaterlag sine påskerevyar. Impressario Kay Edvin Nessæther (Leikarvollen Scene) formidlar konsertar med artistar som Odd Nordstoga, Halvdan Sivertsen og (27. oktober i år) Henning Kvitnes.

Under «Vårsongfestene» kling allsongen og korsongen, og Bøfjordens eigen operasongar Sigrid Vetleseter Bøe med kollegaer har gjort den tidlegare utskjelte sjangeren opera til publikumssuksess med fulle grendahus.

I kormiljøet på indre Nordmøre står det Åsskard-baserte "Prosjekt 17" sterkt som både arrangør og aktør i mange årlege konsertar - kabaretinnslag på grendahuset så vel som kyrkjekonsertar med lang og fornya tradisjon - Jonsvaka (kvart år sia 1982), påske-, olsok- og julekonsertar. Koret har fleire CD-innspelingar bak seg.

Dermed også sagt at Åsskard kyrkje er arena for rikt kulturliv ved sida av gudstenester og anna kyrkjeleg verksemd. Barnekveldar, aktivisering av konfirmantar, dugnad for uteareal, kyrkjemåling og veldedighet (årleg fleire titusen innsamla kroner til Kirkens Nødhjelp og andre organisasjonar) hører med. Og kva andre kyrkjer har kaffeservering knytta til alle samlingar?

Som uvanleg oppegåande og kreativ tradisjonsberar er Åsskard Bygdekvinnelag alltid til stades «der noko skjer».

–​ Så vakker ei bygd!

Eit unikt og vellykka opplegg er «Turar i Bøfjorden», der idrettslaget og historielaget har samarbeidd om merking av 26 varierte turløyper med eit hefte som inneheld både kart og historikk knytt til dei ulike turane. Årleg trimmar såleis den lille bygda ei strekning tilsvarande omkretsen av jorda ved ekvator!

Så passa det godt at profileringsdagen på museet munna ut i vakre naturfoto i pakt med beskrivelsen ein gjest frå Trøndelag gav etterpå: – Så vakker ei bygd - med imponerande aktivitet og flotte tilbod!

Ingressfoto: Bidragsytarane Nonnon Heggem (t.v.), Tore Sannes og Mayse Dønheim Hovde meiner bygda på lerretet bak dei har mykje å by på.

Profilerte b Hjelmkonnå.jpg
«Hjelmkonnå» aktiviserer mange.

Profilerte c Fellesfjøs.jpg
Moderne fellesfjøsdrift i Settemsdalen.

Profilerte d Kjerringshanty frå kabaret.jpg
Fjordakabaret: «Kjerringshanty» med Prosjekt 17 på grendahuset under Vårsongfesten 2019.

Profilerte e Turar.jpg
Skilt på Bøfjorden Grendahus med informasjon om det omfattande turtilbodet.

Profilerte f Natur.jpg
Bygda har vakker natur. Her utsikt frå Øvre Bøsetra mot Kanestraum, Kallsetlandet, Blåfjellet og Dragsetdalen.
 

Tekst/Foto: Bernt G. Bøe

Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.