Feiret Den Internasjonale eldredagen:

Psykisk helse på dagsordenen

Den internasjonale eldredagen i Rindal vart feira 4. oktober på eldresenteret. Pensjonistlaget og Råd for eldre og mennesker med nedsatt funksjonsevne stod som arrangør. Pensjonistforbundet oppfordra til at psykisk helse vart sett på dagsordenen på eldredagen i år. Vi inviterte Gjertrud Gåsvatn til å snakka om emnet. Ho sa i innleiinga si at ho ikkje  kom til å snakke om diagnoser og medisinering, men tok oss med på ein tur der ho snakka om livet sjølv, om alle fasar i livet og det å bli eldre.

Gjertrud er glad i dikt, ho skriv og dikt sjølv. Ho hadde funne fram mange dikt som tolka det ho snakka om. Gjertrud heldt ei lydhør forsamling i ånde i trekvart time.

Jan Sturla Jensvold stilte som vanleg villig opp og stod for musikken.

Gjertrud Gåsvatn avslutta innlegget sitt med eit dikt ho skreiv til mormor si da ho var 17 år:

Til ein gammal

Eg vil skriva til deg, du som smiler
med lys over furete kinn
når spelande solstraumen fløymer
på skrå over stolarmen din.

Eg vil skriva til deg, du som kjenner
ein lengt etter tider som var,
du som hugsar at glede og tryggleik
var smilet og handa hans far.

Eg vil skriva til deg, du som strevde
i tider da kvar krevde sitt.
Det var livet som gjorde deg audmjuk,
men livet du levde, var ditt.

Eg vil skriva til deg, du som hugsar
ein kvardag i armod og slit.
Ein dag du kan minnast med tårer - 
men likevel ynskjer deg dit.

Eg vil skriva til deg, du som styrte
ditt liv mot eit høgare mål
medan håret fekk sølvgråe striper
og viljen din blenkte som stål.

Eg vil skriva til deg du som skimtar
eit lys attom mørke og grav.
Du som veit du skal møta ein Meister,
han som ande og livsgneist deg gav.

Og den dagen som kjem, kjenner ingen,
og dagen som var er forbi.
Men no har du dagen, din eigen,
og gleda du kjenner, er di.

 

IMG_1757.jpg

IMG_1759.jpg

IMG_1763.jpg
Så vart det ein liten blomster på kvar samman med ein stor takk! Foto: Jostein Grytbakk.

Innsendt av Ragnhild Stavne Bolme.