Styret Indre Nordmøre Senioruniversitet 2016_690x385

Indre Nordmøre Senioruniversitet:

Referat frå årsmøtet


ÅRSMØTE 2016 Indre Nordmøre Senioruniversitet
 

Første møte i 2016 var gjennomført 17.februar, på Kulturhuset i Surnadal, med 35 personar til stades. Her hadde Lars Olav Lund, Statens Naturoppsyn for Trollheimen, eit interessant bildekåseri frå Sør-Georgia. I tilknytning til det vart det og halde eit kort årsmøte.

a) Møteleiar: Leiaren, Helene Nergård, vart vald til møteleiar.

b) Underskriving: Til underskrivarar av årsmøteprotokollen vart Elisabeth Moen og Kjellaug Tjelle valde.

c) Årsmelding: Sekretær Eivind Hasle gjekk raskt gjennom årsmeldinga for 2015  (jf vedlegg). 6 arrangement er gjennomført, deriblant besøk hos bedrifta «MøreTre”. Møtet med Per Egil Hegge vart gjennomført i samarbeid med Norsk Thyreoideaforbund.   Om lag 220 deltakarar har vore med på arrangementa.  Godkjent.

d) Rekneskap: Leiaren presenterte rekneskapen. Senioruniversitetet har blitt tilgodesett økonomisk både frå kommunane Halsa, Surnadal og Rindal og frå Gjensidige og Surnadal Sparebank. Rekneskapen er revidert av revisor Brit Børset.  Godkjent.

e) Val: Kåre Sæterbø og Styrkår Brørs gjekk ut av styret. Nergård og Hasle vart attvalde for 2 nye år. Marie Drøivoldsmo vart vald for 2 år, og går inn som kasserar. Gunnvald Bøe kom inn for Styrkår Brørs, og er vald for 1 år. Oterholm var ikkje på val.  Styrkår Brørs vart varamedlem til styret. Jan Gausen har tatt på seg å vere ny revisor.

Det vart og valt turnemnd, med Marie Drøivoldsmo og Gunnvald Bøe som medlemmar.
Britt Børset, Styrkår Brørs og Kåre Sæterbø vart takka for innsatsen.

 

f) Det vart gitt ei kort orientering om planar framover: eit møte som blir 6. april, under tittelen. «Korleis fann vikingane vegen? Var det mogeleg å bruke solstein?» -   og eit bedriftsmøte i juni hos Vaagland verft i Halsa. I oktober har Senioruniversitetet gjort avtale om besøk frå forfattaren Edvard Hoem.
 

 Referent:

Eivind Hasle

 


ÅRSMELDING 2015 – Indre Nordmøre Senioruniversitet

Indre Nordmøre Senioruniversitet hadde ein uformell start på nyåret 2011, og årsmøtet i 2012 (23/2) vedtok følgjande vedtekter:  

§ 1 Senioruniversitetet for Indre Nordmøre omfattar kommunane Halsa, Rindal og Surnadal.
§ 2 Senioruniversitetet er eit frivillig, ideelt og ikkje-kommersielt lag som er retta mot pensjonistar og interesserte elles som er ledig på dagtid. Siktemålet er å få til gode sosiale samvær og utveksling av kunnskap presentert på ein populær måte.  Frå starten er det snakk om 2-3 arrangement i halvåret.
§ 3 Arrangementa vil primært dreie seg om populærforedrag og innleiingar til samtale og debatt. Men arrangementa kan og kombinerast med utstillingar, omvisningar eller ”vandringar”.  Det blir lagt vekt på mest mogleg bruk av lokale ressurspersonar og personar med tilknytning til Indre Nordmøre.


Ut frå desse rammene er følgjande arrangement gjennomført i 2015:

a)  14/1: Ole Mauset: Om kunst og kunstverk («Kunsten å leve vakkert»)
Kunstnaren Ole Mauseth i Surnadal hadde innlegg på Kulturhuset, om seg sjølv og kunsten han arbeidde med. Mauset fortalde om og viste bilde frå fleire opphald dei siste åra i stein-hoggarmiljøa i Carrara i Italia, gav eit personleg innblikk i kunstnarvegen han hadde gått, og avslutta med å spele eit sjølvkomponert musikkstykke. Kulturhuset. 50 til stades.

I tilknytning til dette møtet vart det og gjennomført årsmøte. Her vart årsmelding og revidert rekneskap godkjent. Økonomien er god, etter økonomisk støtte frå dei aktuelle kommunane Rindal, Halsa og Surnadal og frå Gjensidige og Surnadal Sparebank.  Attval av styret. Det vart og valt to vara-medlemmar, med sikte på å lette fornyinga som bør skje i eit slikt styre.

b)  7/4: Morten Gåsvann: «Furukjempene i Trollheimen». 20 til stades.
Randi Haugland og Morten Gåsvand trollbatt forsamlinga på Kulturhuset med bilde av trolske tre  i Trollheimen. Lars Inge Harang, som hadde vore ein viktig medhjelpar i furutre-prosjektet, supplerte med å fortelje om klatringa og oppmålinga av dei største trea.

c) 10/6: Bedriftsbesøk på MøreTre: Orientering (ved I.Grimsmo, T.Talgø og H.Brusethaug) Servering og gruppevis omvisning i bedrifta. Om lag 50 til stades.

d) 30/9: Eivind Hasle: «En ungdom som er sterk og sunn». Lysbildekåseri og minne om kroppsøvingsfaget og om skolevegen. Kulturhuset. 16 til stades.

e) 14/10: Per Egil Hegge: Om Putin og Russland. (Korleis tenkjer Putin – og kvifor?)
Kulturhuset. 58 personar til stades. Møtet vart arrangert i samarbeid med Norsk Thyreoideaforbund.

f)  18/11: «Ny på Nordmøre». Olav Bergheim, Surnadal kommune, og dei 4 innvandrarane Zekerie og Nasro frå Somalia, Senait frå Eritrea og Khedi frå Tsjetsjenia orienterte om aktørar og tiltak i flyktningepolitikken, og om møtet med Nordmøre. Kulturhuset. 20 til stades.

Planar for 2016.
Planane for 2016 er ikkje fastsett ut over første møte, som skal vere årsmøtet 17.februar, saman med program ved Lars Olav Lund, med lysbildekåseri frå Sør-Georgia. På årsmøtet vil det bli gitt orientering om året vidare, så langt planane er klart.

Det har elles vore styremøte i  forkant av alle møta, med sikte på planlegging og førebuing, informasjonsarbeid, søknader etc.  For styret har det vore oppmuntrande å registrere den gode oppslutninga om møta, og tilskota vi har fått frå dei aktuelle kommunane og frå Surnadal Sparebank og Gjensidige. I tillegg må nemnast den store velviljen vi kvart år møter hos bedrifter og på arbeidsplassar vi besøker. Siste året galdt det MøreTre. 7/12 hadde elles styret møte med kulturleiar Lilli Husby for å avklare vilkår og utgifter ved bruk av Kulturhuset i Surnadal. 

Styret:
Helene M.Nergård (leiar),
Eivind Hasle, Einar Oterholm, Styrkår Brørs og Kåre Sæterbø
Vara: Marie Drøivoldsmo og Dordi Kjersti Halle    Revisor Britt Børset