Svarrabærje-revy plakat_350x263

Svarrabærje Teaterlag med original vri

Revyinngang frå hotellet

Svarrabærje Teaterlag sin bygdarevy "18 centi" har premiere onsdag klokka 20.00, og blir også vist torsdag, fredag og laurdag same tid. Sjølve revyen er i Storstuå i Surnadal Kulturhus, men revygjengen minner no om at publikum skal møte opp i Sandeman bar i Vårsøg Hotell før forestillinga startar. - Møt opp i god tid, og ta gjerne en kaffe eller eit glas vin før forestillinga. Så blir publikum losa over gangbrua "Vengespennet" til kulturhuset cirka klokka 1945, opplyser revystyret.

Trollheimsporten-medlem Svarrabærje Teaterlag har valt ein litt original start på "18 centi". Tittelen er delvis inspirert av bygginga av tuben mellom hotellet og kulturhuset, og difor vil altså revygjengen at publikum møter opp i Sandeman bar på hotellet (Dørene blir også opna inn til Musters pub). Derifrå blir dei guida gjennom "Vengespennet" over til kulturhuset og troppa/heisen ned til foajeen og vidare inn i Storstuå.

Dersom nokon er dårleg til beins, skal dei sjølvsagt få lov til å gå direkte inn i kulturhuset. Men Svarrabærje-gjengen oppfordrar alle om å å ta revyinngangen via sjølve hotellet og Vengespennet, da dette på fleire måtar blir ei "før-opning" av forestillinga.

Ved inngangen på nedsida av kulturhuset vil det bli opplyst med plakatar at revypublikum skal gå inn om Sandeman bar. Ved hovudinngangen til kulturhuset står folk frå teaterlaget og informerer om det same, medan det i baren vil vere "guidar" som seier frå når det er på tide å ta "tubevandringa" over til kulturhuset.

Av dei totalt 1200 billettane til "18 centi"-forestillingane, er no godt over 1000 selt.

Bildet viser "18 centi”-instruktør Ingebrigt Røen (t.v.), Jan Peter Husby, Linda Botten og Leif Gjeldnes.