krf

- og heimesida er oppdatert!

Rindal KrF har hatt årsmøte

Kristeleg Folkeparti i Rindal har hatt årsmøte siste uke. Første delen av årsmøtet var i lag med Surnadal KrF, og møtet var i Kyrkjelydshuset på Skei. Årsmøta har hatt ein felles politisk del og ein delt del med vanlege årsmøtesaker dei siste åra. Talar i år var Karin Bakklund Bjørkhaug, kjent som økonomikonsulent i kommunen for rindalingane. No er ho fylkestingsrepresentant i Sør-Trøndelag og ledar for samferdselskomitéen.

Sidan Karin Bakklund Bjørkhaug (t.h.) er samferdselspolitikar, kom ein stor del av talen - og spørsmåla - til å dreie seg om samferdsel. Hovudvekta var på dei felles vegsambanda Møre og Romsdal har med Sør-Trøndelag. Det var mest interesse for korleis framtida for Fv65 såg ut, og det er ein veg Karin kjenner godt som pendlar frå Storås i Meldal. Storåsbakkane er det høgast prioriterte punktet på Fv65.

Vi fekk også høre at ho hadde vore på KrFs landspolitiske konferanse for lokalpolitikarar og vorte inspirert både av frammøtet og dei sentrale politikarane.

 

Heimesida til Rindal KrFTrollheimsporten er oppdatert med resultatet av valget på årsmøtet og med oversikt over KrFs representasjon i kommunale organ i valgperioden 2011-2015.
Sjå heimesida her!