Tustna Ragnhild_715x536

Rindal pensjonistlag har besøkt Tustna.

Fredag 28.09.2012 var Rindal pensjonistlag innbedne til møte i Sør Tustna forsamlingshus. Det var Tustna pensjonistlag som ville gjere gjengjeld etter at dei besøkte Rindal i fjor. I flott haustver la 40 pensjonistar i veg på tur, trygt frakta i buss med Jan Sturla Jensvold ved rattet.

 


Ved Imarsundet, på grensa til gamle Tustna kommune, vart vi møtt av ein kjentmann frå Tustna pensjonistlag, Ingolf Fossland. Vi fekk orientering både på rim og i prosa og fekk sjå kor utflytta rindalingar hadde sett bu. 

Her på Solheim, under Tustnastabben, busette Andreas og Brit frå Rindal seg. Andreas, f. 1827, var frå Meldal og Brit, f. 1831, frå Tjørkjellhaugen under Løset. Dei var dei første husmannsfolka på Lykkjbakken i Rindal før dei flytta til Tustna i den andre halvdelen av 1800-talet og tok da etternamnet Rindal. Dei budde i huset vi så vidt ser midt på billedet, med kvit murpipe. Eit oldebarn av dei, som har vore ordførar på Tustna, bur i nabohuset i dag.

Framme på Sør-Tustna fekk vi plass mellom tustningane ved fint pynta bord, og vart ønskt velkomne av leiaren for Tustna pensjonistlag, Bjørn Arvid Utne. Det smakte godt med sodd, og seinare vart det servert kaffe med mykje godt til.
 

Innimellom var det variert underhaldning. Ordførar Ingunn Oldervik Golmen bar fram helsing og fortalte om den nye kommunen Aure, som Tustna no er ein del av. Olve Utne spela gamle slåttar på fele, og ei gruppe song  mellom anna Evert Taube-viser til trekkspelmusikk. Det var og opplesing av ymse slag.

Nokre av pensjonistane på Tustna hadde besøkt Rindal i 1948 da Granheim i Romundstadbygda var nybygt. Den gongen var dei medlemmer i ungdomslaget og reiste med overbygde lastebilar. Gjestene hadde og ein programpost. Nokre av damene i Rindal pensjonistlag song kjente og kjære songar til trekkspelmusikk ved sjåføren Jan Sturla.

Kjentmannen vart med på heimturen og, slik at vi fekk sjå Tustna frå alle kantar. Når vi til og med kom akkurat i rett tid til ferja, var alle enige om at det hadde vore ein alle tiders dag.

Ann Grimsmo