Fjøsveggen

Rindal pensjonistlag på tur til Malvik

Rindal pensjonistlag har vært på tur til Malvik og Fjølstadtrøa samt Johan Nygaardsvoldmuseet. De tok dessuten turen til garden Buås Ytre hvor Ingrid f. Nerbu og Knut Sjøvold bor. Ann Grimsmo sender fyldig tekst og bilder som du finner inne på saken.

Torsdag 14. juni la 68 rindalingar ut på tur i to bussar. Veret vart betre enn spådd, og stemninga var god. Første stopp var Malviksenteret der det vart kaffe og kanskje litt handel, 48 butikkar å velje i. På senteret vart vi møtt av Joralf Halgunset som hadde lagt opp turen for oss. Joralf er utflytta lomunddaling, og han er ivrig med i Malvik historielag. Det var derfor naturleg med eit besøk i Fjølstadtrøa, den siste husmanns-plassen i Malvik. Medlemmene i historielaget gjer ein stor innsats med restaurering og drift av plassen. Dei dyrkar gras og poteter og har fram ved.

I Hommelvik ligg Johan Nygaardsvoldmuseet, heimen til Johan Nygaardsvold. Nokre av romma er slik som da Johan Nygaardsvold og familien budde der. I andre rom er det billedmontasjar som fortel om Nygaardsvold sitt liv, mest det politiske, men og det private. Vi fekk ei lærerik stund med flinke omvisarar.

Etter at vi hadde forsynt oss godt av ein rikhaldig buffet på Stav gjestegård, bar det oppover i bygda. Bakkar og svingar førte oss til garden Buås Ytre. Her bur Ingrid f. Nerbu og Knut Sjøvold. Sonen Christen har no teke over garden. Han har nyleg bygd nytt fjøs med plass til 50 kyr. Christen er av dei som er presentert på mjølkekartongane. På Buås vart det orientering om gardsdrifta og tur inn i fjøset. Det vart og ei triveleg stund med trekkspelmusikk, og Ingrid fekk treffe att mange gamle kjenningar.

Det vart ein innhaldsrik dag for oss som var med. Vi kom trygt fram med sjåførane Kjell Bråten og Jan Sturla Jensvold.

 

Tekst: Ann Grimsmo, Foto: Ragnhild S. Bolme og Ann Grimsmo

Klikk på bildene under for å se dem større, og i serie.

 

Fjølstadtrøa
Husmannsplassen Fjølstadtrøa restaurert av Malvik historielag.
Orientering om slekta
Orientering om slekta på plassen.
Johan Nygaardsvoldmuseet
Johan Nygaardsvoldmuseet. Her er det mykje historie å lære.
Finstugu
I finstugu til familien Nygaardsvold. Dei mange bøkene fortel om ein mann som las mykje, trass i lita formell utdanning.
Kjøkenet til Albine
Olga Løfald finn seg godt til rette på kjøkenet til Albine Nygaardsvold.
Fjøsveggen
I fjøsveggen på Buås Ytre.
Ingrid har fått besøk heimafrå
Ingrid har fått besøk heimafrå.
Bonden på Buås Ytre
Bonden på Buås Ytre, Christen Sjøvold, og tante Kirsten.
Kyrne i det fri
Eit lite utval av kyrne ute i det fri.
Inne i det nye fjøset
Inne i det nye fjøset.
Inn til mjølkeroboten
På tide å gå inn til mjølkeroboten.
Lystige spelemenn
Lystige spelemenn. Jan Sturla hadde vore så smart å ta med seg trekkspelet i bussen. Det vart flott samspel med Knut.