Rindal Pensjonistlag på tur til Molde

Torsdag 2. juni drog 27 rindalingar på tur til Molde med Kjell Bråten ved rattet.

Vi køyrde strake vegen om Sunndal til Molde. Der var det tid for mat. Etterpå var det somme som tok ein handlerunde, eller såg seg om i sentrum, medan andre slappa av på ein benk på torget i finveret.

Så køyrde bussen ut til Seilet og Aker Stadion, imponerande byggverk. Vi var så heldige å komme inn på stadion og kunne sitte på tribuna, men vi såg ingen kjendisar.

Neste stopp var Kongebjørka ved Glomstua. Her var det passande å ta eit gruppebilde. Derifrå var det ikkje langt til Romsdalsmuseet der nybygget Krona imponerte. Somme konsentrerte seg om utstillingane, medan andre kosa seg med kaffe og bakels i solveggen eller såg seg om på uteområdet.

Frå Molde køyrde vi gamlevegen over Skaret mot Fræna. Vi stoppa ved Skarstua der det var bestilt middag. Heimturen gjekk om Fræna og Eide mot Krifast. Dette var nok nye område for mange. Vi takkar Kjell Bråten med Nettbuss for ein fin og trygg tur.

399 (690x518).jpg

Frå Aker Stadion mot Seilet.

401 (690x518).jpg

Inne på Aker Stadion.

Rindal pensjonistlag Moldetur (690x445).jpg

Ved Kongebjørka.

405 (690x518).jpg

Krona på Romsdalsmuseet.

 

Tekst: Ann Grimsmo. Foto: Ann Grimsmo og Ragnhild Stavne Bolme.