Rindalingar på Romsdalstur
Einaste problemet oppstod ganske tidleg. Da bussen seig inn på ferga på Kvanne, small det og bussen fekk slagside. Luftfjærene på eine sida svikta. Bussen kunne ikkje kjøre vidare, og ny buss vart bestilt frå Sunndalsøra. Bussen kunne så vidt kjøre i land sidan det var mesta flo sjø og liten knekk på landgangen. Vi vart berre knappe tre kvarter forseinka før vi igjen var på vegen vidare, men da hadde vi også kosa oss med kaffe og «Børsetlefse»!
På veg mot Romsdalen var neste stopp Vistdal. Der fikk vi eit møte med Jan Rindli som fortalte oss om Rindalingar som flytta til Vistdal. Sjøl møtte han 3 søskenbarn i bussen, på bildet til venstre er han i lag med to av dei.
I strålande augustver heldt turen fram mot Åndalsnes der vi hadde ein kafferast på «Kaikanten».
I Romsdalen stoppa vi ved Trollveggen og på Verma Nærbutikk, og mange kjøpte bakverk frå bakeriet som bondekvinnelaget driv der.
Den sprekaste (?) tok «nærbilde» av Kylling bru, som er den største brua på Raumabanen. Brua vart ferdig i 1923 og er 76 meter lang og bygd i stein fra fjellet like ved. Høgda over elva er 59 meter og hovedspennet er 42 meter.
Sagelva vasskraftsenter i Brøste var hovedmålet for turen. Der hadde vi ein lengre pause med omvisning, kaffe og bakels. Dyktige guidar viste oss rundt, demonstrerte og fortalte om alt dei hadde samla og bygd ut. Video finn du her på Youtube!
Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Oppland og Møre og Romsdal. Arbeidet vart påbegynt i 1999 og anlegget består i av vassdrive sirkelsag med undervasshjul, kopi av gamal oppgangssag med undervasshjul, kopi av tradisjonell gardskvern med liggande vasshjul og kvernstein frå Selbu, kvern frå 1942 med elektrisk motor, kopi av vassdrive stampe frå Stuguflotten, opphavleg oppsett midt på 1800-talet. I slike stamper behandla ein vadmel. Denne har fire stampestokkar.
Vi fekk også sjå tjærebrenningsanlegg med vasskjøling på terpentinuttaket.
Kanalsystemet har fleire vassrenner, den største er 40 m lang og har 6,6 m fall. Systemet har fleire nåledammar og luker for kontroll av vatnet, som blir overført frå Asbjørnsåe til Sagelva gjennom Teppa, eit rekonstruert tradisjonelt inntakssystem som både sikrar minstevassføring og avgrensar vassføringa under flaum.
Ovafor anlegget ligg eit moderne minikraftverk med ein maksimumsproduksjon på 640 kW. Alle rør er tildekka, og kraftledningane er lagt i bakken.
Etter middagsbuffet på Bjorliheimen Hotell gjekk turen heim om Lesja og ein kaffepause på Dombås.
Den fine kveldshimmelen vi såg frå Berkåk var ei fin avslutning på ein innhaldsrik tur på ein strålande dag! Turkomitéen i pensjonistlaget og sjåfør Kjell Bråten fekk takk og applaus frå turdeltakarane.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie etter at du har lese bildetekstene!