Picasa

Rindalspensjonistar på tur til Østersund.

Rindal pensjonistlag har arrangert ein 3-dagars tur til Østersund, Funesdalen og Røros. 14. august var 27 turdeltakarar samla i bussen med sjåfør Kjell Bråten ved rattet.  Vi stoppa for ein matbit i Meråker og i Åre.  Vi kom til Østersund på ettermiddagen og tok inn på hotellet vårt Scandic Østersund City, eit stort hotell midt i byen.  Mange tok seg ein tur rundt i byen før middag på hotellet.

 

Neste dag kom med strålande ver. Hovedprogrammet denne dagen var besøk på Jamtli, Jemtlands lens museum. Billettane her var sponsa av «Den kulturelle spaserstokken» Vi kom rett inn i Jamtli Historieland. Vi starta på torget i Østersund i 1895 og vart leidde gjennom fleire hundreår i den flotte friluftsavdelinga på museet. På torget var det ei krambu der ein kunne kjøpe alt frå kongenavdanmarkdrops til kaffeservise i miniformat.


På turen var vi mellom anna innom ein lensmannsgard frå 1700-talet. Lensmannen kalla inn til eksersis. Det gjaldt å vere budd på åtak frå fienden. Lensmannen var ikkje nådig da han oppdaga at alle kom utan våpen, men staur fekk gjere nytta. Vi gjorde eit langt hopp til 1940-talet og kom inn på eit Per Albin-torp, bureisingsbruk. Her kunne vi som har levd ei stund kjenne oss att. Husmora kokte kålsuppe, og dei laut ta imot flyktningebarn frå Finland. På bensinstasjonen frå 1956 vakte ein fin Volvo Amazon interesse.


Museet har og ei flott innandørsavdeling som viser historia til Jemtland heilt frå steinalder til vår tid. Ein stor attraksjon er Øverhogdalsbonadarna, ein 40 meter lang billedvev i lin og ull frå vikingtida. Den vart attfunnen først på 1900-talet. Etter middag på hotellet vart det busstur til Frøsøn med stopp ved Frøsø kyrka. Her fekk vi eit flott utsyn over Storsjøn og landskapet omkring.


Etter frukost 16.08. bar det på heimveg. Første stopp var i Funesdalen. Her var det fleire butikkar, så det var mange som nytta høvet til ein siste «svenskehandel». Neste stopp var Røros. Vi var ein dag for seint ute til å få kome inn i Røros kirke, men det var mykje av interesse å sjå likevel, før vi laut søkje ly for regnet. Før vi forlet Røros, var vi samla til middagsbuffet på «Gør go» ved Doktortjønna. Maten var verkeleg «gør go». Utpå kvelden var vi heime i Rindal etter ein fin tur med ein alle tiders sjåfør.

Tekst Ann Grimsmo, bilde Ann Grimsmo og Ragnhild Stavne Bolme

 

Klikk på bildene for å se dem større og i serie:

 

Gruppe (2)
Gruppebilde ved Frøsø kyrka
Jamtli Historieland_1024x768
Denne dama leidde oss inn i Jamtli Historieland
Kjøpmann J
Kjøpmann J.P. Gulle hadde litt av kvart i butikken sin
diskusjon i familien Gulle_1024x768
Det vekte diskusjon i familien Gulle då dotra fekk brev frå ei kvinnesakskvinne om at ho kunne få arbeid i Stockholm.
Lensmannen frå 1700-talet_1024x1357
Lensmannen frå 1700-talet var betenkt over at ingen hadde med våpen.
Staur_1024x768
Staur fekk gjere nytte i våpenøvinga.
kålsuppe
I 1942 kokte husmora kålsuppe
bensinstasjonen i 1956_1024x768
Ei tenåringsjente hadde ansvar for å passe bensinstasjonen i 1956
Frøsø kyrka_1024x768
Vidt utsyn ved Frøsø kyrka
Freda hus på Røros_1024x768
Freda hus på Røros
«gør go» mat_1024x768
Vi ventar på «gør go» mat