Picasa

Rindalspensjonister på Selbutur

Rindal pensjonistlag arrangerer bussturar for medlemmene sine eit par gonger for året. Turane har vore svært vellykka og derfor også etterspurde. Den første turen i år var til Selbu siste veke, torsdag 6. juni. I alt 72 personar var med fordelt på 2 bussar.  Det var ein svært innhaldsrik dag i fint turver for deltakarane.

Selbu museum.jpg

Første stopp var Selbusjøen Hotell & gjestegård. Der møtte vi kjentfolk, Gerd og Reidar Kjøsnes. Reidar vart med som guide resten av dagen.

Mat Selbu.jpg

Vi fekk servert kaffe og mat, og fekk høyre den interessante historia til staden. Det starte som handelsstad på 1880-talet. Seinare har det vore både tuberkuloseheim og aldersheim i huset, før det gjennom fleire utvidingar har vorte til det flotte hotellet som er der no.

Foredrag om Morsetfamilien.jpg

Jostein Sandvik fortel om Morsetfamilien

Minnesmerke Selbu.jpg
Minne om krigens falne frå Selbu.

Etter maten fekk vi høyre den dramatiske historia om familien Morset sin motstandskamp under 2. verdskrigen, da far og ein av sønene vart drepne. Jostein Sandvik, som er inngifta i familien Morset, fortalte og viste bilde.

Så var det tid for å sette seg i bussane att, og med lokalkjente guidar få oppleve meir av Selbu. Vi fekk sjå stader som var knytt til historia om familien Morset. I Selbu sentrum besøkte vi kirka, bygdemuseet og Husfliden.

Selbu kirke.jpg
Utafor Selbu kirke. Utflytta rindaling, Magne Holte med kone frå Selbu, var møtt opp for å treffe kjentfolk.

Reidar Kjøsnes i Selbu kirke.jpg
Reidar Kjøsnes fortel om Selbu kirke. Eldste del av Selbu kirke er frå 1100-talet. Både kirka og gravplassen har imponerande storleik til å vere på landsbygda. Bygdemuseet har fortid både som prestegard og kommunehus.

Guide forteller.jpg
Frå Selbu bygdemuseum. Den gamle kommunestyresalen med veggmaleri.

Den gamle kommunestyresalen vart på 1920-talet dekorert på alle veggene med store maleri som viser arbeidslivet i Selbu på den tida. Ein viktig næringsveg i Selbu var produksjon av kvernstein.

Selbustrikk.jpg
Totrådstrikking har lang historie i Selbu.

Gryteklututstilling.jpg
Stort utvalg av grytelappar.

På museet hadde dei samla både reiskap og klede som var i bruk i dei 400 åra denne produksjonen gjekk for seg. Elles var det mykje selbustrikk og grytelappar i tusental å sjå. Det vart og tid til litt handel på Selbu Husflid for dei som ønskte det.

Etter å ha fått eit imponerande utsyn over bygda, bar det attende til hotellet. Der venta det ein flott buffet der alle kunne ete seg meir enn mette. Siste post på programmet var besøk på Granby gård. Der har Inger Granby og mannen gjort eit imponerande arbeid med å innreie låven til utvandrarmuseum. Selbu var av dei kommunane i Norge som hadde størst utvandring til Amerika i høve til folketalet. Etter ein lang dag med mange inntrykk vart vi frakta trygt heim av dei flinke sjåførane Kjell Bråten og Jan Sturla Jensvold.

 

Tekst Ann Grimsmo. Foto Ragnhild Stavne Bolme og Ann Grimsmo .