Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Idun Fivelstad Ole Trygve Foseide 2_1024x849

Idun Fivelstad har studert talemålet til ungdom i Rindal

Rindalsungdomane identifiserer seg med bygda og rindalsdialekta

"Det e nå berre gøittj at dæm tykkje det e litt toille". Det er namnet på masteroppgåva til Idun Fivelstad i nordisk språkvitenskap. Ho har laga ein sosioloingvistisk studie av talemålet til ungdom i Rindal. Siktemålet har våre å sjå på språklege tilhøve blant ungdom i Rindal kommune. Under årsmøtet til Rindal Heimbygdlag i går kveld fortalte Idun om studien og her ser du Ole Trygve Foseide bla i den:

No har Idun Fivelstad gjennomført mastergraden ved NTNU - humanistisk fakultet - instututt for nordistikk og litteraturvitenskap. Enklare sagt er ho utdanna lektor.

Språklege tilhøve blant ungdom i Rindal
- Sidan Eilert Mo studerte Rindalsmålet og Arne Aune gjorde sine oppteikningar av gamle ord og uttrykk, er det gjort lite omkring dette. Men dette er ingen tradisjonell dialektisk oppgåve. Eg har sett litt på korleis språk utviklar seg og siktemålet har vore å sjå på språklege tilhøve blant ungdom i Rindal kommune, der både konkrete språklege forhold og haldningar og synspunkt til eigen dialekt har stått i fokus. Sjølv om Rindal geografisk er lokalisert på Nordmøre, blir rindalsdialekta normalt klassifisert som trøndersk, forteller ho.

Ho har gjennomført ei spørjeundersøking blant 60 elevar ved 9. og 10. trinn ved Rindal skule i januar 2012 og har bruka sju hovudinformantar blant desse. - Ved å kvantifisere språklege variablar hos dei sju hovudinformantane har eg funne kva språktrekk som ser ut til å halde seg stabile og kva språktrekk som får nye former, seier ho.

Språkleg stabilitet
Idun Fivelstad har funne at det i Rindal er ein relativt stor grad av språkleg stabilitet og kan karakteriserast som eit lukka språksamfunn. Ho har prøvd å forklare den språklege stabiliteten med eit sterkt og solidarisk identifikasjonsfellesskap blant ungdommane i Rindal, der bygda og dialekta er viktige faktorar i dette fellesskapet.

- Ungdommane hadde berre positive merknader å fortelje om både dialekta og bygda. Men samanlikna med tidlegare, har rindalsdialekta endra seg hurtigare dei seinare åra, understrekar ho - og det forklarar ho med modernitet og urbanisering. Eit greit døme her er at dativen definitivt er på veg ut av Rindalsmålet.

Denne sosiolingvistiske studien av talemålet til ungdom i Rindal vil du finne på Rindal Folkebibliotek i Rindalshuset.

Under studerar Ole Trygve Foseide studien til Idun Fivelstad litt nøyere: