Roser og musikk Museumsplakat

Roser og musikk på museet

Populære Hjemmelaget spelar opp på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Dessutan står altmulegmannen Jacob Christian Tokle (1779-1858) frå Stangvik sentralt.

Tokle (Austigard Stangvik) var rosemålar, gartnar, ordførar, forfattar, skyssvert og legeassistent.

Nordmøre Museum og Nordmøre Historielag har no gjeve ut hans «Have-Journal», som blir presentert på museet av Katarina Wedelsbäck Bladh og Maja Frønes.

ROSER b Tokle BOK_690x979.jpg
Nordmøre Historielag og Nordmøre Museum har gjort Tokles «Have-Journal» til ei nordmørsk kulturbok.

I denne «Dagbok 1827-1838» møter vi ein uvanleg allsidig og kunnskapsrik stangvik-garding, med utsyn mot heile Europa. Han beskriv først og fremst sitt fantastiske hageprosjekt – med import av frø og plantar til Stangvika. Samtidig gir dagboka fine glimt av livet i lokalsamfunnet på hans tid.

ROSER c Tokle KISTE_690x475.jpg
Tokle-kiste. Foto i boka.

Livshistoria spenner også frå rosemåla Tokle-kister, som det framleis er mange av på Nordmøre, til attestar for ku-koppe-vaksine frå hans aktivitet som «legeassistent». Dertil inneheld boka hans fabulerande vikinghistorie «Eventyret om den stolte Ingrid og faren Alf Kopparskalle, Harald Hårfagre, æren og en vikingbegravelse i Brunsvika».

«Dagbok 1827-1838» er å få kjøpt på museet. Det er også kaffe, bakels og kaker – som alltid.

Og taffelmusikk av beste merke sørgjer altså Peder Hønsvik og Hjemmelaget for!

ROSER a HJLaget_690x534.jpg

Peder Hønsvik (t.v.), Venke Fredriksen, Espen Wilhelmsen og resten av Hjemmelaget er populære gjestar i Bøfjorden.

ROSER d Tokle HaveJournal SNITT_690x450.jpg

Første sida i «Have-Journalen». Kopi frå boka.

ROSER e Tochle Autograf_690x205.jpg

Tokle (Tochle) sin signatur – frå ein attest der han har vaksinert Svend Christenssøn Baglie mot ku-koppar (1833).

2016 09 04 Museumsplakat_690x971.jpg

Tekst/foto: Bernt G. Bøe