IMGP7459

Bokkveld på Rindal skimuseum

"Så son va det ..."

Bok- og bildekvelden på Rindal skimuseum tirsdag kveld gav dei frammøtte ei interessant innføring i arbeidet med den nye boka i serien «Så son va det... - gamle postkort fra Rindal.»

Boka er tidlegare omtala her på Trollheimsporten.

Denne kvelden fortalte Anne Skjølsvold og Kari-Elin Bolme Løfaldli litt om idéen bak boka, innsamlinga av bilde og arbeidet med boka. Så vart det vist fram bilde frå boka på storskjerm.

IMGP7457.JPG

Salget av boka går godt. Etter kvart som folk les i den, finn dei små feil, trass i at utgjevarane har lagt mykje arbeid i kjeldearbeidet og korrektur.

- Ut og aust kan vere problem for ein innflyttar, sa Anne Skjølsvold, som har budd i bygda berre knapt 50 år.

Rettingar og tillegg tek museet imot med takk.

Arbeidet starta med å etterlyse bilde gjennom mellom anna Trollheimsporten. Som tittelen lyder, så er dei fleste bilda postkort, men det er supplert med andre bilde for å dekke heile bygda best muleg.

Omslagsbildet er spesielt, fortel Kari-Elin Bolme Løfaldli. Fram- og baksida, er eit bilde frå Rindal sentrum, samansett av to bilde. Ho har vakse opp med dette bildet på veggen heime hos foreldra sine. Sivert Sæther er fotografen av bildet. Året er truleg 1912, for vi ser murane til Rindal Sparebank (kommunehuset), og vi ser bedehuset som vart bygd i 1911.

Bilda i boka er interessante for både unge og gamle. Dei spenner over ca. 80 år fram til ca 1970. Det er for eksempel interessant å sjå utviklinga av fjøsbygningane og kulturlandskapet.

Alle bilda i boka er skanna på muséet, og originalane er levert tilbake til eigarane.

2018-11-27 22.53.24.jpg

Kvar del av bygda har fått sin eigen bakgrunnsfarge som du ser frå sida – ein genial redigering som Anne og Kari-Elin fekk applaus for! Etter kvart som du lærer fargane, kan du lett finne bilda frå dei ulike delane av bygda utan å slå opp i registeret.

2018-11-27 21.34.53.jpg
Ei lydhør forsamling følgde med på bildepresentasjonen.

2018-11-27 22.20.52.jpg
Pila peiker på "heishuset" for mjølkheisen fra Almberg Oppigard. Heisen førte mjølkspanna ned bakken og over elva til hovudvegen der mjølkbilen henta spanna. Magnar Almberg fortalte at ein gong da han skulle kjøre opp heisen, så kjentes han heller tung ut, for da var det eigentleg berre posten som skulle vere med. Han tok kikkerten og såg nedover, og i korga, som hang nokså høgt oppe over elva, såg han ein gutunge!. Han sendte straks heisen forsiktig nedover, og da den stoppa, kunne han sjå ein gut som sprang som eit lyn mot campingplassen til Ola Sande. Seinare fekk han høre fra Ola Sande at det var ein gut frå Nederland som hadde fått sitt livs oppleving!

Boka «Så son va det ... - gamle postkort fra Rindal!» kostar 450 kroner. Kjøper du 5 bøker, betaler du berre for 4 bøker, altså ei gratis bok!

Elles er det berre å ta opp att det vi avslutta artikkelen frå boksleppet med:

Kjøp boka og sjå sjølv!