DSC_1171

Annonse:

Saftkokar til utlån

På medarbeidarsamlinga i NMS Gjenbruk torsdag kveld kom det opp ein ny ide. Vi har ein  saftkokar i butikken. I staden for å selge denne vil vi heller prøve å leie han ut. 

Dette er ein kjele som folk pleier å bruke berre ein gong i året. Elles står han i skapet og tek opp mykje plass. Vi ønsker derfor at dei som ikkje har dette sjølv kan få lage seg saft. Å utnytte naturressursane i bær og frukt er også i tråd med våre verdiar som gjenbruksbutikk. Det er nok allerede litt seint på hausten for ein del bær, men saftkokaren kan også brukast til eplesaft. Så derfor trur vi at det er mange som kan bruke denne utover hausten. Vi håpar spesielt at unge folk som ofte ikkje har saftkokar sjølv på denne måten kan kome igang med å utnytte naturressursane.  

Vi vart enige å sette ein pris på 30 kr får å leige saftkokaren i inntil 4 dagar. For dei som aldri har besøkt oss, så er vi å finne i landbrukshuset på Skei. Vi har ope onsdag - laurdag.