Bokomslag_690x464

Sal og signering av bok om Søyådalen

Laurdag 5. og 12. desember vil forfattarane av "Søyådalen - utmarkshistorie frå Eidet", Torbjørn Polden, Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes, selje og signere utgåvar av boka i Surnadal.

Forfattarane sel og signerer bøker utafor Rema 1000 på AMFI Surnadal laurdag 5. desember kl. 10 – 13.30 og laurdag 12. desember på Coop Extra i same tidsrom.

Boka vart lansert i Bondehuset i Stangvik 31. mai i år. Boka er på over 300 sider, som også inkluderar eit stadnamnregister på 1048 namn. På 871 av desse er gps-posisjonen lagt inn. Registeret er dermed ein fin vegvisar for den skulle ha interesse av å utforske dette området nærare.

Stangvik Historielag står som utgjevar av boka. På same måte som med Kvenndalsboka, har forfattarane gjort alt arbeidet på dugnad.

Oversynet over kjelder viser at godt over hundre personar har gjeve muntlege bidrag til boka, medan rundt seksti har bidratt med foto. I tillegg kjem ei lang liste med skriftlege kjelder.

Arbeidet med boka om Søyådalen kan du lese om på Lars Steinar Ansnes sin blogg: http://fintenkjarplassen.blogg.no/



Stangvik Historielag er medlem i Trollheimsporten.