Hege Gåsvand INS foto Indre Nordmøre Senioruniversitet

Indre Nordmøre Senioruniversitet på bedriftsbesøk:

Seniorbesøk til Rindalshytter

I dag er det rundt 460 000 hytter i Noreg. På indre Nordmøre finst landets eldste leverandør av hytter, Rindalshytter, frå 1964. Det var Emil Gåsvand som starta, men i dag er det dottera, Hege Gåsvand, utdanna psykiatrisk sjukepleiar, som sidan 2002 har ført farens livsverk vidare.

Hege Gåsvand var også den som raust tok i mot og orienterte då Indre Nordmøre Senioruniversitet, med 24 deltakarar, besøkte bedrifta 30.mai. Det vart eit lærerikt og interessant bedriftsbesøk, til ei bedrift som er viktig ikkje berre for Rindal kommune, men for heile regionen. Rindalshytter omset årleg for rundt 80 millionar, og sysselset rundt 35 årsverk. Men i tillegg kjem eigendomsbedrifta og omsetning av byggevarer, og ikkje minst Rindalslist, som nyleg har fått nye (estisk/svenske) eigarer, med ei omsetning på bortimot 160 millionar, og med 60-70 årsverk. Mest mogleg av råvarene blir henta lokalt. M.a. er mykje av tømmeret og trevarene til hyttene frå Solem Sag og Talgø i Surnadal, og Surnadal Transport er den viktigaste transportøren.

Både hyttene og katalogane viser at det har skjedd svært mykje med krava til hytter sidan 1960-talet når det gjeld størrelse, komfort og utsjånad, og hyttene frå bedrifta er fleire gonger omtala som «noen av landets kuleste hytter.» Bedrifta har i tillegg til administrasjonen i Rindal etablert kontor både i Oslo og Trondheim, og har m.a. bygd mange hytter i Gudbrandsdalen og rundt Lillehammer. Samarbeidet med arkitektfirmaet «Snøhetta» har vore spennande, og det har vore eit mål å lage hytter som utan å vere prangande glir fint inn i terrenget – og slepp naturen inn -, anten det er ved sjøen, i skogen eller på fjellet.

EHA

 

Bildet øvst: Hege Gåsvand fortel om bedriften. Interesserte tilhøyrarar.

Lars Moe Løset foto Indre Nordmøre Senioruniversitet.JPG

Lafta hytte. Stor. Lars Moe Løset forklarer.