Interimsstyret IMG_6635_400x267

- om haustprogrammet

Senioruniversitetet informerer

Senioruniversitetet i Kristiansund kjem på besøk til Surnadal onsdag 5.september. Det skal besøke Amfi-senteret og ha Kleivavandring med Hans Hyldbakk-program. Det er ønskeleg med deltaking også frå Senioruniversitetet for Indre Nordmøre, m.a. med tanke på ideutveksing og styrka kontakt.

10.oktober er det Husmorskolen på Halsa/Halsa vgs som er tema for Senioruniversitetet for Indre Nordmøre. Mange hundre jenter frå Nordmøre har fått grunnopplæringa si her i husstell og matlaging, og 3 tidlegare lærarar/skoleleiarar frå skolen vil stå for arrangementet.

I november blir det eit møte med tilknytning til dei dramatiske hendingane for 70 år sidan, då jødar over heile landet – også i Møre og Romsdal - vart sende ut av landet. Men her lever slektningar og etterkommarar midt i blant oss. Og kan desse hendingane seie noko i dag om våre holdningar til minoritetsgrupper og innvandrarar ?

Bildet viser styret i Senioruniversitetet for indre Nordmøre: Styrkår Brørs, Johanne Valsø Lervik , Eivind Hasle, Helene M. Nergård og Kåre Sæterbø.