senioruniversitetet Halsa_1024x683

QUINDEKJØNNETS OPPLÆRELSE I LANDDISTRIKTERNE

Senioruniversitetsmøte i Halsa

”Quindekjønnets opplærelse i Landdistrikterne” sto i sentrum då Senioruniversitetet for Indre Nordmøre hadde møtet sitt på Husmorskolen Halsa videregående skole 10/10. Ei svært solid gruppe hadde førebudd møtet, og vi fekk orienteringar supplert med illustrasjonar, frå Gjertrud Aasbø (rektor 1961-76), Torgunn Henden (rektor 1976-2001) og frå mangeårig lærar, fylkespolitikar etc Jan Aasland.

Alle desse personane på bildet har alle vore lærarar ved Halsa vgs. Frå v: Randi Settemsdal, Eli Ulset, Torgunn Henden, Bjørg Heggset, Gjertrud Aasbø, Solvår Skogen Sæterbø, Grete Aarnes og Jan Aasland. Foto: Helene Marie Nergård

Dei fortalde levande frå historia til skolen, frå ordførar Peder Knudsen Waaglands framtidsvyer midt på 1800-talet, til starten på Husmorskolen i Straumsnes 1921-39, og skolehistoria i Halsa 1941-2001. Skolen var frå byrjinga innsikta mot jenter som skulle bli bondekoner. Den første guten kom i 1976, men då var gardsdrifta avvikla, og det var blitt nye studieretningar og fag. På det meste – i 1994 - hadde skolen 82 elevar.

I solid Husmorskoletradisjon hadde arrangørane også førebudd ei svært god og rikeleg servering, og mange av deltakarane på møtet kunne supplere innleiarane med personlege minne frå tida si som lærar eller elev ved skolen. Frå ei elevnotatbok i 1944 vart det og referert om timeplan, husreglar og fagstoff. Og frå den tidlegare lensmannen i Halsa vart det fortalt at det berre ein gong i hans tenestetid hadde vore spørsmål om assistanse frå lensmannskontoret på grunn av problem med elevane!

Frå deltakarane på møtet vart det oppforda til at historia om skolen måtte bli tatt skikkeleg vare på. Det dreier seg både om Nordmørshistorie, skolehistorie og kvinnehistorie. Dei gode førebuingane til møtet burde i det minste vere eit godt grunnlag for ein solid historisk artikkel ! Og dei flotte bygningane burde igjen ha blitt fylt med folk og aktivitet!

Eivind Hasle

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre er med i Trollheimsporten med informasjonsside - bli med - alle som er med her!