Sildballdagen i Bøfjorden

Det vart reine etargildet da Bøfjorden Historielag inviterte til «Basar, ball og bilete» på sjøbruksmuseet søndag. Årets sesongavslutning samla eit publikum på trekvart hundre.

Og sildballen gjekk unna. Kokarane Gunnvor Bøe, Ragnhild Skrøvset og Edel Snekvik fekk unison skryt, og i kjøkenluka hadde Inger Lise Heggem og Gunnhild og Randi Vetleseter Bøe hendene fulle med å servere middag og kaffe til svoltne kundar.

Sildballdag a.jpg
- Slik mat blir det kø av! konstaterte Gunnhild Vetleseter Bøe i kjøkenluka.

Sildballdag b.jpg
Ballkjørar Harald Skrøvset frakta gryte etter gryte frå grendahuset til museet.
 

Eventyr frå Bøfjorden

På programmet elles stod eit tredelt biletkåseri. Først dokumentasjon av Bøfjorden som «Eventyrbygda mellom Trollbakken og tussane». Vår lokale Asbjørnsen/Moe – straumsnesingen Edvard Langset – samla i åra rundt 1920 mykje tradisjonsstoff på Nordmøre, også i Bøfjorden. Eventyret «Pengpungjen som alder vart tom» vart framsynt som biletserie med ungar frå tidlegare Bøfjorden skule.
 

Nordmørske soldatar i Baltikum 1659

Folk fekk også sjå og høre om unge menn frå Halsa og Surnadal som deltok og for det meste omkom i krigen som svenskekongen Carl 10. Gustav førte aust ved Riga i 1650-åra. I rullane finn ein todalingen Joenn Bruseth, surnadalingane Erich Amundsen Östböe, Lars Schey, Niels Fische og Torolf Tellesböe, frå seinare Åsskard både Thore Holten, Joe Gravvold, Cnud Setterboe, Olav Bäfwerfiord, Steinar Bäfwerfiord, Einar Bäfwerfiord, Haakon Iffuerson Solem og bøfjordingen Ole Larsson Heggem. Også halsabyggene Christopher Reiten og Ole Waagland deltok. Ingen soldatar herifrå kom att, seier dokumenta. Mange av dei fall da dei skulle forsvare slottet i Jelgrava mot polske soldatar i juni 1659.


Sild og skutebygging

Bolk tre av biletserien galdt sild, sildefiske og – sjølsagt - sildball. Fiske med landnot, snurpenot og garn vart illustrert med båtar, mannskap og fangst. Museet kunne sjøl vise fiskarutstyr frå eiga samling.  Serien gav også eit «lynkurs» i kunsten å laga sildball. Dette i tilfelle andre vil følgje opp fagkunnskapen som folka på kjøkenet dokumenterte så smakfullt denne dagen.

Skipsingeniør Einar Sæter frå Stiftelsen Maritim Historie Nordmøre hadde eit kort innlegg om bygginga av ishavsskuta «Blankisen» i Snekkvika 1919 – største trebåten bygd her i distriktet nokon gong. Han overrekte til historielaget linjetegningane av det flotte skroget (som seinare fekk namnet «Bjogna») og fortalte historia om skuta. «Bjogna» (ex «Blankisen») fekk eit kort liv – ho vart skruva ned av isen i Kvitsjøen og sokk der våren 1926.

Sildballdag c.jpg
Skipsingeniør Einar Sæter viste tegningane av praktskuta «Bjogna» («Blankisen») og var full av lovord for fagkunnskapen hos byggmeister Anders Kvande og dei andre som skapte havgåande dampskip med handreiskap i fjøresteinane i Bøfjorden og Snekkvika.

Sildballdag d.jpg
Museumssamlinga kunne vise fram mykje sildfiskarutstyr - kork og oljesydvest, streng med sildlodd etter basen Edvard Settem - og sjøllaga fiskarstøvler etter Peder Hamnes (Pe Kutrøen), som var både skomakar og sildfiskar.

Sildballdag e.jpg
Heimbunde sildgarn frå Hamnes – laga i 1879. Maskestørrelsen ser ein i høve til gifteringen.

Sildballdag f.jpg
Skjømla (skimla) vart sendt ned i sjøen for å skremme silda i ønska retning – og kanskje halde svolten fisk unna sildnota.

Sildballdag g.jpg
Bremsnes-snurparen «Veslegut» vann Sølvsilda (fatet) for størst samla storsildfangst vinteren 1960.

Sildballdag h.jpg
Sildarbeid på Skrøvsetskjeret (attmed der museet no ligg) i 1941. Vi ser nota til tørk i henga på Skrøvsetholmen. (Merk også eit dristig norsk flagg i mastetoppen på ei av sildskøytene!) Dei som har matpause, er frå venstre vesle Solvor Kallset (no Hofsli), Elisabet Dragset (Teigen), Oddlaug Dragset (Bjørnbekk), Ingrid Arnesen og Ingeborg Dragset (Teigen). Dei to på landgangen er ukjende.

Sildballdag i.jpg
DS «Svartisen» (frå rederiet Aarnes & Lund) med storsildfangst etter garnfiske rundt 1920.
 

Dagen vart avslutta med trekning av sesongutlodninga – som i år gav nesten 25.000 kroner til drifta av Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Glade vinnarar fekk mange fine gevinstar med seg heim.
 

Innsendt av Bernt G Bøe