007_1024x683

Skøyter i staden for ski

Bøfjord i.l. og Bæverfjord i.l. avlyser skitrimmen som var oppsett på laurdag på grunn av snømangel. I staden inviterer laga til skøytetrim på Liavatnet (utom Åsskardhøgda) søndag den 27. januar kl. 13. Arrangørane vil ta med bålpanne slik at det blir muleg å varme seg mat, anten det no er svele eller pølser. -Ta med det du måtte ønske og møt opp til ein aktiv og triveleg dag på isen. Alle er velkomne. NB! Husk hjelm, helsar skigruppa.
Sjå også programmet vidare utover vinteren ved å klikke deg vidare i saka.

Frå skitrim på Toresetra i fjor vinter. Foto: Norunn Holten

 

Alle, både barn og vaksne, blir inviterte til å delta på Skitrimmen. Det er gratis saft å få på alle skikveldar, pluss mulegheiter til å få kjøpt seg bakels og kaffe.

Skigruppa inviterer alle barn til å notere antal kilometer dei går på ski i løpet av sesongen for å oppnå barnas skimerke i gull, sølv eller bronse. Talet på kilometer kan noterast på eit ark eller www.distansekort.no.

 

Dette er dagane med skitrim som står igjen denne sesongen:

Tysdag 29/1 Lysløypa: Sletta Kl. 18.00 
Tysdag 5/2 Lysløypa: Sletta Kl. 18.00
Tysdag 12/12 Lysløypa: Sletta Kl. 18.00
Tysdag 26/2 Lysløypa: Sletta Kl. 18.00
Laurdag 2/3 Bele Kl. 11.00
Tysdag 5/3 Lysløypa: Sletta Kl. 18.00

 

Avslutning/lagmesterskap/merkerenn: 10. eller 17. mars.