Picasa

Skoleomvisning

I samband med at Senioruniversitetet på Indre Nordmøre hadde samling på Halsa barne- og ungdomsskole, var det også omvisning på den nye skolen. Sjå bilde frå omvininga nedafor.

Det var mange lærarar som møtte denne gongen, så rektor Per Olav Foseide hadde eit engasjert følgje med seg rundt i den fine, nye skolen. Dei merka seg den gode kvaliteten det var på bygget og dei mange interessante løysingane. Det såg ut til å vere ein flott arbeidsplass tilrettelagt både for store og små.

 

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie.

 

25 Halsa barne og ungdomsskole
5 Lett å finne fram
Tavla viser deg rett veg
4 Omvising 1
Rektor Per Olav Foseide orienterer om skolen
7 Musikkrommet m speil
Musikkrommet hadde speilvegg for bruk i danseundervisning
8 Klasserom med utsikt
Mange var meir interesserte i utsikta enn i klasserommet
6 Utsikt frå amfiet
Utsikt frå amfiet
24 Utsikt Halsa barne og ungdomsskole
- og utafrå
20 Halsa barne og ungdomsskole
21 Halsa barne og ungdomsskole
Leikeapparat og ballplassar var det fleire av
22 Halsa barne og ungdomsskole
23 Gave frå Husasnotra
Denne utsmykkinga var frå Husasnotra
11 Helene Nergård takkar Per Olav Foseide
Helene Marie Nergård takkar Per Olav Foseide for omvisinga