”Slik sjitt - - ”

”Slik sjitt – ska vi tru på alt vi sjer ?” spurde Einar Oterhom den 30-tals store forsamlinga då Senioruniversitetet for Indre Nordmøre hadde møte på Kulturhuset i Surnadal 22.januar. 

Utstyrt med stort engasjement, ulike remediar og med illustrerande lysbilde fekk forsamlinga god informasjon om korleis menneskeauga var laga, både i normaltilstand og når ein var langsynt eller nærsynt. Og så fekk vi oppleve t.d. korleis vatn eller glas påverka synsvinkelen og avstandsvurderinga – og vi fekk oppleve korleis det eine auget vårt fungerer som ”hovudauge”, medan det andre nærast er å sjå som eit ”hjelpeauge.”

Og ikkje minst hadde Oterholm ei lang rad lysbilde som illustrerte korleis det vi såg vart påverka av tidlegare erfaringar, eller av omgivelsane. For hjernen vår ”systematiserer” det vi ser – anten det t.d. gjeld å kjenne igjen mønster eller ansikt. Slikt har enkelte av kunstnarane våre utnytta, t.d. målaren Theodor Kittelsen. Og ved enkle middel opplevde vi korleis vi hadde ”blindflekkar” i synsopplevinga, eller korleis synet vårt kunne lage hol i handa vår eller i hovudet til naboen.

Det vart mange gode øvingar å ta med heim til familieselskapet eller til samvær med barnebarna !

EHA  

Hjernen hjelper oss til å lese dette ved å kjenne att ord på grunnlag av første og siste bokstaven.