IMG_1584

Songtime og val

Helene Marie Nergård vart attvald som leiar då Senioruniversitetet for Indre Nordmøre hadde årsmøte på Kulturhuset i Surnadal 17.januar. Også dei andre styremedlemmane vart attvald, og i styret er no Einar Oterholm, Marie Drøivoldsmo, Gunnvald Bøe og Eivind Hasle, med Nordvald Bondhus og Kjellaug Foseide som varamedlemmar.

Styret Indre Nordmøre Senioruniversitet 2016_690x385.jpg
Styret for Indre Nordmøre Senioruniversitet: Einar Oterholm, Marit Drøivoldsmo, Helene Marie Nergård, Gunnvald Bøe og Eivind Hasle. (Arkivfoto)

Om lag 220 deltakarar har Senioruniversitetet hatt på sine arrangement i 2017. Det mest besøkte var den krigsminne-vandringa som vart arrangert i september 2017 på skoleområdet på Øye, for å sjå spora etter den tyske leiren som var der under 2.verdskrigen.

Planane det komande halvåret dreier seg om ein operatur til Kristiansund 7.februar, eit møte i mars om Nordmørslitteratur, og eit bedriftsbesøk i Rindal i mai-juni.

IMG_1594-001.jpg
Eivind Hasle, Tor Strand og Einar Oterholm

I forkant av årsmøtet var Tor Strand, Tingvoll, assistert av Einar Oterholm og Eivind Hasle,  ein inspirerande leiar av ein songtime fylt hovudsakeleg av «svisker» frå 1930-talet og  framover mot 2000. 

EHA