2019 06 23 Museet a Svein S (1)

Spennande Svalbard-historie

Ein kunnskapsrik og gnistrande opplagt Svein Sæter formidla spennande og ukjend Svalbard-historie til lydhøre museumsgjestar i Bøfjorden søndag.

Ut frå si bok «Kongen av Spitsbergen» gav han eit grundig og gripande portrett av gruvesjefen Einar Sverdrup, som også var hjernen og eldsjela bak frigjeringa av Svalbard frå Nazi-Tyskland. Sverdrup omkom da tyske fly senka isbrytarfartyet «Isbjørn» i 1942.

Biletkåseriet gav glimt av det tøffe arbeidet i kolgruvene på Spitsbergen – i kilometervis med låge gangar der arbeidarane ikkje kunne stå oppreist. Foto på lerret viste endatil nedfalne blokker over ein arbeidar – som den gongen berga livet.

2019 06 23 Museet b Sverdrup Einar.jpg
Einar Sverdrup – «Kongen av Spitsbergen». Foto frå boka.
 

Demokraten Sverdrup

Sverdrup åtvara, dessverre forgjeves, mot farleg drift i visse gruver, som Kings Bay. Etter hans tid skjedde ulykker der, og i forsamlinga kunne Jostein Foss fortelje at hans onkel Lars Settem og nabo Sverre Dahle omkom i Kings Bay i 1953

Einar Sverdrup var ein stor demokrat og gjorde mykje for å jamne ut sosiale forskjellar i det klassedelte Svalbard-samfunnet. Slik heldt han juletrefester der alle barn – uansett om far var sjef eller slusk – fekk vera med.
 

Krigsinnsats

Kåsøren tok også for seg situasjonen på Svalbard under krigen. Han poengterte at Einar Sverdrup med både kløkt og mot spela ei stor rolle i frigjeringa av øysamfunnet lenge før Nazi-Tyskland endeleg kapitulerte. Men denne innsatsen kosta altså livet for 46-åringen Einar Sverdrup alt i 1942.

Gjennom sitt grundige arbeid har Svein Sæter gjeve «Kongen av Spitsbergen» ein fortent plass i historia vår.

Som den produktive forfattar han er, hadde Sæter også med nokre andre av bøkene sine. Slik kunne publikum sikre seg signerte eksemplar av m.a. «Spion i Hitlers rike», «Kongen av Spitsbergen», «De glemte blokadebryterne» - og «A-laget», der ein av landets største fotballprofilar faktisk har bøfjordsk blod i årene ...

2019 06 23 Museet c Svein S.jpg
Om Sverdrup sin krigsinnsats og kløkt: Dei «falske» marinegastane på lerretet bak er vanlege gruvearbeidarar i sverdrupsk krigsregi ...

2019 06 23 Museet d Jon Svein Jostein.jpg
Boksignering og samtale etter kåseriet. Frå venstre Jon Storløkken, Svein Sæter og Jostein Foss. Sistnemnte mista onkel og nabo i Kings Bay i 1953 – noko som kanskje hadde vore unngått om Sverdrup framleis hadde vore gruveleiar på Svalbard.

 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe