Språkåret mini

Språkåret 2013

I samband med språkåret 2013 arrangerer Sunndal kommune og Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag, med støtte frå Surnadal Heimbygdlag og Nordmøre Mållag, eit språkseminar på Sunndalsøra 28. februar. Utvalde grupper er spesielt invitert, men seminaret er ope for alle. Sjå meir nedafor!

 

Bakgrunnen for seminaret: Nordmøre Mållag har arbeidd med å få fram verdien med den
allsidige språkulturen vi har på Nordmøre. Eit mål er at nynorsk skal bli enno meir synleg som
bruksspråk. Språkåret 2013 gjer at seminaret er aktuelt i år. Elles ser vi at språk og språkbruk
er aktuelt med ymse innfallsvinklar.


Påmelding til Nils Ulvund, nils.ulvund@sunndals.net , tlf. 90 02 71 61 eller 716 98 288,
helst seinast 21. februar. Skriv kven du representerer og kvar faktura for seminaravgifta
(400 kr.) skal sendast.


Program

1. Oppmøte til kaffe og registrering

2. Velkomst
Nils Ulvund, leiar i Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag.
Ole Magne Ansnes, kultursjef i Sunndal kommune er seminarleiar.
Bakgrunnen for og målet med seminaret. Ansnes i samtale med Sverre Hatle. Hatle er
språkmann og styremedlem i Nordmøre Mållag.

3. Draumen om målet ved Ott ar Grepstad.
Grepstad har vore direktør i Nynorsk kultursentrum sidan 1999, og har skrive eller redigert
meir enn tjue bøker. Den siste boka er Draumen om målet. Tilstandsrapportar frå Norge og
Noreg. Boka er dei tolv årstalane han har heldt om stoda for nynorsk skriftkultur.

4. Fritt språkval – ein illusjon ved Ingar Arnøy.
Arnøy er tilsett som skulemålsskrivar i Noregs Mållag og er godt kjent med språkulturen på
Nordmøre.

5. Vi er tospråklege - korleis taklar vi det? ved Erling Outzen.
Outzen har vore kommunepolitikar i fleire periodar og har engasjert seg i språkpolitikk.

6. Nynorsken i kommune-Noreg - korleis er stoda? ved Astrid M Grov.
Grov er rådgjevar i Språkrådet med målloven som spesialfelt.

7. Kommunal språkbruk. Samtale med to rådmenn.
Knut Haugen frå Surnadal i Vårsøglandet, einaste nynorskkommunen nord for Dovre.
Per Ove Dahl frå den nøytrale kommunen Sunndal. Ole Magne Ansnes leier samtalen som
vil dreie seg mykje om den praktiske språkkvardagen i eit område med tospråkssituasjon.

Beinstrekk og kaffe

8. Språkbrukar i utvikling ved Bergsvein Brøske.
Brøske har bakgrunn som far, ordførar i Surnadal, direktør ved Vårsøg hotell og som
leiar for Amfi på Sunndalsøra. Han vil spesielt ta for seg merkevarebygging med nynorsk i
Vårsøglandet/Vårsøg hotell.

9. Marknadsføring av sparebanken i Vårsøglandet.
Surnadal sparebank deltek.

10. Nynorsken i lokalavisa ved Lars Steinar Ansnes.
Ansnes er redaktør i Aura Avis. Kvifor kjem det lite nynorsk i avisa sjølv om redaktøren i
utgangspunktet er positiv, spesielt som privatperson?

11. Korleis få fram nynorsk meir som bruksspråk?
Ole Magne Ansnes leier sofasamtale med Sverre Hatle, Sigmund Tjelle, Lars
Steinar Ansnes og Inger Nærum om nynorsk som bruksspråk i ulike samanhengar.
Sigmund Tjelle er redaktør i Driva, Inger Nærum er leiar for sørviskontoret i Sunndal kommune.
Hatle og Ansnes er presentert ovafor.

12. Middag i Støgu

13. Minikonsert
Gitarist Øystein Sandbukt gjev oss ein liten halvtime med ro i sjela.
Sandbukt var i fjor nominert til Spelmannsprisen i folkemusikk.
Open for alle.


Velkomne til ein dag med språket i sentrum!