vinnarar og utdelarar ingr

Stavganggruppa fekk Eldrearbeidets pris 2019

Bitten Ranes, Kristian Ranes, Sverre Kjølstad og Gudmund Kvendseth mottok prisen frå ordførar Margrethe Svinvik under Surnadal Pensjonistlag sin årlege julemiddag onsdag.

Matsalen ved Nordmøre Folkehøgskule var så godt som full då Surnadal Pensjonistlag inviterte til høgtideleg julemiddag, der både allsong, underhaldning og prisutdeling stod på programmet.

Den staselege forsamlinga vart trygt leidd gjennom programmet av Kristian Ranes frå styret i pensjonistlaget, og arrangementet starta med trekkspel-akkompagnert allsong av «Det lyser i stille grender».

Linda og Frank Botten skapte god og lun stemning med fem flotte songar, der «Mor og far sin sang» av Rasmus og verdens beste band, «Håll ut» av Bo Kaspers Orkester og «Måken» av Finn Kalvik var dei tre første låtane ut.

Deretter varta dei opp med ein strålande fin versjon av Sigvart Dagsland og Karoline Krüger sin duett «Ka e du redd for?», som Botten-ekteparet hadde skrive om til surnadalsdialekt.

Dei to avslutta med å hylle alle besteforeldre med Odd Nordstoga sin «Ein farfar i livet», men med «Bæssfar» i staden for «farfar».

frank og linda botten ps.jpg
Frank og Linda Botten.
 

– Ein god kommune å bu i

Ordførar Margrethe Svinvik var på plass for å «informere om rikets tilstand», som ho fortalte at bestillinga frå Kristian Ranes og pensjonistlaget var.

Ho starta med å understreke at ho ønskjer å vere tilgjengeleg for innbyggjarar, og høyre kva folk er opptekne av.

Svinvik fortalte om fleire saker som ho har jobba mykje med den siste tida, som det å behalde linjetilboda ved Surnadal vidaregåande skole, å behalde skatteinntekter på kraft og å sikre at delar av strømlinjenettet i fylket skal vere i lokale hender.

– Vi jobbar kvar einaste dag med å sikre gode oppvekstvilkår og god rekruttering til arbeidslivet, og rett og slett å skape bulyst i kommunen vår, sa Svinvik, som og fortalte om budsjettprosessen kommunen no er inne i.

Ho fortalte og om bygginga av 17 topp moderne omsorgsbustader, som skal starte våren 2020.

– Det er på høg tid at dette kjem i gang, både fordi behovet aukar og fordi det skapar arbeidsplassar for dei som ønskjer å jobbe innan helse og omsorg, sa Svinvik.

Ordføraren slo fast at Surnadal er ein god kommune å bu i, og trakk fram mellom anna dugnadsånda, ungdommane, og dei mange frivillige organisasjonane i bygda som viktige bidragsytarar, som fortener ros.

– For å oppsummere tida sidan eg vart valt som ordførar er eg overvelda og imponert av alt som skjer i kommunen vår, sa ho, og kom med ei oppmoding:

– Vi er avhengige av at kvar og ein bidreg og støttar kvarandre, gjev oppmuntrande ord og ser kvarandre. Vi i Surnadal har mykje å vere stolte av, og det gjev ei god ramme for fellesskapet vårt. Saman er vi sterke.

kristian ranes og margrethe svinvik ps.jpg
Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag deler ut blomster til ordførar Margrethe Svinvik, som orienterte forsamlinga om "rikets tilstand".
 

– Bra for både helsa og humøret

Formann Johs. J. Vaag i Eldrerådet fekk deretter ordet, og fortalte om historikken til Eldrearbeidets Pris, som under middagen skulle delast ut for niande gong.

– Ideen til prisen kom tidleg på 2000-talet, og Eldrerådet spelte inn forslaget om å opprette prisen i samband med rullering av den kommunale kulturplana. Rådmannen den gongen tok ikkje prisen med i saksframlegget sitt til kommunestyret, men der kom det eit benkeforslag. Det vart samrøystes vedteke, og dermed vart Eldrearbeidets Pris oppretta, fortalte Vaag.

Eldrearbeidets Pris har vorte delt ut kvart år sidan 2011, og det er Eldrerådet som står for tildelinga. Prisen har ei årleg ramme på 5000 kroner, som anten vert gjeve som reint pengebeløp eller ein kombinasjon av pengar og ei gåve. 2019-prisen vart delt ut som rein pengepremie.

Tradisjonen tru stod ordføraren for utdelinga, og årets pris gjekk til Stavganggruppa, med Bitten Ranes, Kristian Ranes, Sverre Kjølstad og Gudmund Kvendseth i spissen.

– Tusen takk for at vi har fått ein så gjev pris. Vi trur på det vi held på med, og det er stas at det blir lagt merke til. Trening, mosjon og sosialt samvær er bra for oss, og bra for både helsa og humøret, sa Bitten Ranes på vegne av Stavganggruppa.

Vinnarar av Eldrearbeidets Pris:

2011: Bjørg og Per Strand
2012: Todalen Sanitetsforening
2013: Surnadal demensforening og helselag
2014: Hyggekroken, Bæverfjord
2015: Grete og Martinus Torvik
2016: Olina Halle
2017: Gyda Stolsmo
2018: Terje Nordvik
2019: Stavganggruppa

vinnarar - bitten ranes, kristian ranes, sverre kjølstad og gudmund kvendset.jpg
Bitten Ranes (f.v.), Kristian Ranes, Sverre Kjølstad, Gudmund Kvendseth og Stavganggruppa fekk Eldrearbeidets Pris 2019. 

Fleire bilete frå Surnadal Pensjonistlag sin julemiddag onsdag:

oversiktsbilde 1 ps.jpg

oversiktsbilde 2 ps.jpg

trekkspill til allsang ps.jpg

Styret i Surnadal Pensjonistlag pr. 4.12.19..jpg

Surnadal Pensjonistlag er medlem av Trollheimsporten.