boksignering erling myrbostad, lars steinar ansnes og torbjørn polden_690x460

Suksess-slepp for «Under Skarfjellet»

Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes slapp onsdag den nye boka si, «Under Skarfjellet – lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda». Stangvik Historielag står bak utgjevinga, som er den første i ein trilogi.

– Det har vore ei unik reise, seier Lars Steinar Ansnes om arbeidet med den nye boka, som han har ført i pennen saman med Erling Myrbostad og Torbjørn Polden.

Dei tre er inne i det dei fortel er eit treårsprosjekt, som etter kvart skal ende i tre bøker, stappfulle av lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda. Den første er no i sal, etter eit vellykka bokslepp på Stangvik skule onsdag kveld.

Utvida geografisk område

Mellom 60 og 70 møtte opp for å få ein presentasjon av den første «Under Skarfjellet»-boka, og det var tydeleg at majoriteten hadde både interesse for- og kunnskap om lokalhistorie. Diskusjonane og kommentarane satt laust undervegs, og latteren det same.

Einar Grønnes ønska velkommen på vegne av Stangvik Historielag, som og er aktuelle med årsskriftet sitt for 2018. Dette vart og presentert denne onsdagskvelden.

Lars Steinar Ansnes starta sjølve boksleppet med å innleie om prosessen dei tre forfattarane er inne i. Tidlegare har trioen gjeve ut bøkene «Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka» (2010) og «Søyådalen - utmarkshistorie frå Eidet» (2015).

– Vi har no utvida det geografiske området vi har teke for oss, og hekta på Lykkjebøgda. Denne boka, og dei to neste som kjem, er av ein heilt annan karakter enn dei to vi har gjeve ut tidlegare, fortalte Ansnes.

– Tre brikker i eit større bilete

Dei tre, som vart tildelt Kleivaprisen i 2016, hadde i utgangspunktet tenkt å gje ut ei bok, men rundt inngangen til 2018 innsåg dei at dei hadde så mykje stoff innsamla og så mykje arbeid framfor seg at dei valte å dele bokprosjektet i tre bøker.

– Etter å ha tenkt litt på kva felles paraply vi kunne samle alle dei tre bøkene under landa vi på linken til Skarfjellet, seier Ansnes om namnevalet.

Det å skrive bok på dugnad fører med seg mange bonuseffekter, ifølgje Ansnes.

– Arbeidet har ført med seg både gode vennskap og auka kunnskap, så då får det heller vere at det er eit stort arbeid. Ein må og hugse på at vi berre er tre brikker i eit større bilete i ein slik prosessen, sa han, før han trekte fram Oddvar Kvande, Jon Østbø og Surnadal Sparebank som spesielt viktige støttespelarar.

Rim og bilete

Torbjørn Polden framførte like godt sin del av bokpresentasjonen på stødig og imponerande rim, til stor glede for eit entusiastisk publikum. Polden ga gjennom rima sine eit flott resymé av boka, slik at tilhøyrarane fekk eit innblikk i kva lesarar kan vente seg.

Boksleppet vart avslutta av Erling Myrbostad, som tok i bruk lerret og viste i praksis det Ansnes og Polden hadde fortalt: boka er både mangfaldig og engasjerande.

Dei to største kapitla i denne første boka i trilogien tek for seg vinteridrett, der gamle heltar som Einar Østbø, Magnus Kvande og Jon Polden er sentrale, og dei første motoriserte køyretøya.

Boka inneheld og mellom anna historia om då telefonen kom til bygda, og gjev ei god oversikt over lokale spelemenn og musikarar.

To bøker i 2019

Den andre boka i serien er planlagt utgjeven våren 2019, og nummer tre til jul same år.

I desse to vil lesarane bli presentert stoff om mellom anna sommaridrett, foreiningsliv, nyare musikk, handel, aldersheimen på Åsen og soldatar frå Eidet og Lykkjebygda.

Stangvik Historielag er medlem av Trollheimsporten.

einar grønnes ps_690x493.jpg
Einar Grønnes ønska velkommen på vegne av Stangvik Historielag, som er utgjevar av boka.

under skarfjellet 3_690x460.jpg
Folk følgde spent med då Erling Myrbostad gjekk gjennom ein del av bileta i boka.

under skarfjellet 1_690x460.jpg
Det vart kø då Erling Myrbostad (f.v.), Lars Steinar Ansnes og Torbjørn Polden etter presentasjonen sette seg ned for å signere og selje bøker.

under skarfjellet 4_690x460.jpg
Mellom 60 og 70 personar tok turen då dei tre forfattarane og Stangvik Historielag inviterte til bokslepp onsdag kveld.