Picasa

Svært innhaldsrikt årsskrift frå Rindal Heimbygdlag

Årsskriftet frå Rindal Heimbygdlag er i år på 90 sider - svært innhaldsrikt, med mykje godt stoff vi kjenner att både frå skrivarar og emne frå tidlegare år. Vi finn att serien om husmannsplassar - frå Skjølsvold, Bjørnstad og Grytbakk denne gongen. For bedehusa er turen komen til Rindal bedehus. I tillegg er det mykje god rindalshumor å finne, saman med mange gode historier. Fredrik Løset har vore skrivande redaktør.

Mange kjente skrivarar er med og av nye fortel Olav Furuhaug om eit industrieventyr i miniatyr, mens Morten Halgunset tek for seg dei første ti åra av historia til Rindal Røde Kors hjelpekorps.

I det svært innhaldsrike årsskriftet over 90 sider, blir det her lettast å dra ut nokre ord frå ferreordet til styret i Rindal Heimbygdlag:

Ferreord
Dei trufaste lesarane vil kjenne att både skrivarar og emne frå tidlegare år. I serien om husmannsplassar har vi kome til Skjølsvold, Bjørnstad og Grytbakk. Når det gjeld bedehusa har turen kome til Rindal bedehus. Rindalshumor frå Øverbygda held fram. Det har kome fram fleire opplysningar om snikkarskulen. Det er Inge Marvin Holte som har teke vare på eit avisutklipp. Historiene til Greus Tørset har vi og hatt nokre av før. Rindal for 100 år sidan er på plass. I fjor var det med tekster som var funne på Ødegård, Det er meir av dette i år. Gammalt skulebilde og konfirmantar for 50 år sidan blir det og.

Mange av dei kjente skrivarane er med. Fredrik Løset fortel om korleis det var å reise til Surnadaløra på 50-talet. Han har og ein interessant artikkel om John L. Aune, rindalingen som vart skipskaptein. Jon Langli har mykje å fortelje om Langlimarka. Ivar Bakk tek for seg fiskeglede denne gongen. Ola Aune fortel om vedproduksjon. Jon Sveen minnest tida på postkontoret. Ola Sæther har funne ein attest for revegift. Reidar Halgunset fortel både om nestingar, spøttkopp og møkkakjøring.

Nye skrivarar
- Vi er så heldige at vi har fått nye skrivarar, melder Rindal Heimbygdlag i ferreordet til årets årsskrift. Olav Furuhaug fortel om eit industrieventyr i miniatyr. Morten Halgunset tek for seg dei to første åra  av historia til Rindal Røde Kors hjelpekorps. Og her håpar heimbygdlaget det kjem meir i åra framover.

Sporten lyt vere med. Jakob Kjersem skreiv om "Skibygda innunder Trollheimen" i boka som kom ut til 75-års jubileet til Møre og Romsdal skiklrets. Dette har heimbygdlaget fått bruke i årsskriftet.

Årsskriftet jubilerer
Dette er årsskrift nr. 30 - og med det eit lite jubileum. Det er og 100 år sidan den allmenne stemmeretten for kvinner kom. Ragnhild Stavne Bolme har sett på fakta omkring stemmeretten i Norge og har med nokre lokale opplysningar om emnet.

Idun Fivelstad har skrive masteroppgåve om talemålet til ungdom i Rindal. I årsskriftet finn du eit samandrag av denne oppgåva.

Rindal Heimbygdlag rettar ein stor takk til alle som har funne fram bilde. Det er dei som gjer det mogleg å lage årsskrift, heiter det i ferreordet, Der blir ein spesiell takk retta til skrivande redaktør Fredrik Løset.

Her er det absolutt muleg å finne noko av interesse for gode lesestunder om det er tid til det i førjulstida - eller ein kan gøyme årsskrifte til rolegare tider i romjul og etterjulsvnter. I alle fall ein svært luggum og innhaldsrik julegåve.