Svarrab%E6rje-revy plakat_1024x937

Svarrabærje Teaterlag nytt medlem

I dag kan Trollheimsporten ønske Svarrabærje Teaterlag velkommen som nytt medlem med informasjonsside. Du finner dem her på denne linken. Svarrabærje Teaterlag vart stifta i 1997 og no har ei gruppe innan teaterlaget teke initiativ til å setje opp ein god, gammaldags bygdarevy igjen. 10. november 2010 er det premiere på ”18 centi” i Storstuå i Surnadal Kulturhus.
 

Med Svarrabærje Teaterlag har Trollheimsporten no tilsaman 132 medlemmar. Sidan april har vi auka med 16 nye. Ønsker din bedrift eller ditt lag å bli med i den positive omdømmebygginga av distriktet - bli medlem av Trollheimsporten - klikk her. Du finner alle medlemmer ved å klikke her.

Surnadal har rike scenetradisjonar. Svarrabærje Teaterlag vart stifta i 1997, men i bygdeungdomslagsregi vart det oppført skodespel, teater, revyar og musikalar heilt sidan 1960-talet. Difor kunne det da også feirast 40-årsjubileum i 2005. Svarrabærje Teaterlag si første oppsetting var ”På væg igjen” i 1998. Kjente framsyningar opp gjennom åra har vore Jørgen-kabareten i 2001, ”My Fair Lady” i 2002 og ”Sommer i Tyrol” i 2007.

Ei gruppe innan teaterlaget har teke initiativ til å setje opp ein god, gammaldags bygdarevy igjen. 10. november 2010 er det premiere på ”18 centi” i Storstuå i Surnadal Kulturhus, med påfølgande forestillingar 11., 12. og 13. november.

Til høyre: Scenesang: Fremst Svanhild Husby. Bak f.v. Fay Johansen, Janne Husby, Oddrun Husby og Linda Botten.