NMS Gjenbruk Skei

Takk til gamle og nye kundar

Vi fekk ein flott dag på NMSGjenbruk, Skei på laurdag. Vi hadde salg med 50% avslag på alle varer med unntak av lys. Sjølv stod eg ute på gata med plakat og inviterte folk inn til butikken. Da la eg bl.a. merke til at svært mange hadde lese vårt innlegg på Trollheimsporten på fredag. Det var mange gamle kundar som kom innom. Men det var også mange som kom innom for første gong.  Sjølv om det var halv pris, vart omsetninga omtrent 4 gonger så høg som det vi kan kalle ein normal bra dag. Vi opplevde vår deltaking i "laksdagan" som flott, og vil takke alle kundar som besøkte oss og ein takk til Trollheimsporten som var med og gjorde det kjent.
Arne Drøpping

NMSGjenbruk er medlem av Trollheimsporten