Sjøbruksmuseet søndag:
«Teft og tykkje» og ymse anna
Bøfjorden Historielag inviterer til språk-tema på museet denne søndagen. Med nytt, utvida «Teft og tykkje»-hefte, stadnamn, litteraturglimt og «haubrott» er programmet skreddarsydd for Språk-året 2013.
Rykande fersk utgåve av «Teft og tykkje»
Dialektheftet «Teft og tykkje» veks stadig. 2013-utgåva har rundt 1400 sær-nordmørske ord og uttrykk. Ideen med heftet er å ta vare på eldgamle vendingar og – ikkje minst – å vise at tradisjonsspråket ofte er betre og meir presist enn «moderne sjargong».
Noko av vår tids dårlege språkbruk blir påpeika - med døme på lerretet. Stadnamn sett inn i språkhistorisk samanheng. Denne delen av namnekulturen blir kritisk gjenomgått i programmet. Bøfjorden Historielag er m.a. opptatt av å få retta opp feil på kart og i turbrosjyrer.
Og begge desse skrivemåtane er forsvarlege!
Fjellet ytst i Bøfjorden heiter ikkje «Saksa», men Blåfjellet!
Saksen (Saksin) er namn på neset og heimen nedmed fjorden.
Samanhengen mellom dialekt og god litteratur blir gjort tydeleg med smaksprøver frå bøkene til Leif Halse og Hans Hyldbakk.
Litt «haubrott» (her: dialektkonkurranse) hører alltid med på slike dagar!
Og som ein forstår: Historielaget er alltid innteressert i fleire lokale ord og vendingar som kan bli med i neste utgåve av «Teft og tykkje». Noter dei gjerne på ein lapp når du kjem på godbitar!
Elles er kjøkenluka open – med kaffe og mykje anna.
Historielaget minner også om at årsmøtet er utsett til søndag 14. juli.
.................
Tekst/foto: Bernt G.Bøe