Gjenbruk

NMS Gjenbruk Skei melder:

Tegneserie i bokform

Det er mange som har eit nostalgisk forhold til gamle tegneserier. I NMS Gjenbruk på Skei hadde vi no ei bok inne med tegneseriar om Smørbukk og Tuss og Troll. Når ein får bla i ei bok i staden for å ha lause blad i handa er opplevinga ekstra stor.

Bildet over: Arkivfoto.

Den som kjem som kunde til gjenbruksbutikken veit sjeldan kva ein finn. Det er ekstra artig å vere betjening når ein fornøyd kunde kan gå ut. Kanskje det er enda fleire som vil ha ei slik glede? Vi lokkar nye medarbeidarar med meningsfull aktivitet i staden for lønn.

Tekst/foto: Arne Drøpping.

DSC_0071.jpg
Kunde Odd A. Einmo var svært nøgd da han fann Smørbukk og Tuss og Troll i bokform. 

 

NMS Gjenbruk Skei er medlem i Trollheimsporten.