Picasa

Tjørebrenning

Einar Oterholm tok både seniorar og juniorar med på ein interessant gjennomgang av historia omkring tjørebrenning på samlinga til Senioruniversitetet i Halsa onsdag.

 

Seniorar og juniorar klar til å lære meir om tjørebrenning

 

Bakgrunnen for tjørebrenninga er fotosyntesen, - den viktigaste prosessen i naturen, sa Oterholm.

 

Ørsmå klorofyllkorn tek CO2 frå lufta og vatn frå grunnen og produserer sukker og oksygen. Ved nedbryting av trevirke brukar ein oksygen og frigir vatn, CO2 og energi. Forbrenning av trevirke frigir vatn, trevirket går over til gass som brenn.

 

Tretjøre vert laga av tyri eller spik av furu som blir brent/varma utan tilførsel av oksygen, tørrdestillasjon. Vi fekk presentert ulike former for tjøremiler som har vore brukt opp gjennom tidene.

 

Du kan lage ei minitjøremile ved å pakke ein hermetikkboks stapp full av spik, ha på lokk med hol på, snu den oppned over eit oppsamlingsfat og fyre opp eit bål rundt boksen. Kanskje du får deg ein desiliter tjære.

 

Ei grytemile lagar du ved å fylle ei gryte med tyrispik, snu henne oppned over ei oppsamlingsrenne for tjøra, og så lage bål rundt gryta og fyre opp.

 

Dei gamle tjøremilene vart laga ved at ein dekte ei senking med never med halling mot eit utløpshol eller grøft. Så la ein småkløyvd tyrispik tett utover lagvis, gjerne slik at veden peika mot utløpet slik at mila fekk form som ei tuve. Mila vart så dekt med torv før ein tente på. Ein måtte passe godt på og stoppe alle flammar med å tette med torv til mila var utbrent. Det kunne ta mange dagar, men da hadde ein tjøre både til hus og båtar og skismøring.

 

Her i distiktet var det ekstra god tilgang på tyri til tjøremilene 100 år etter uthogginga av furuskogen som vart eksportert som trelast til Holland.

 

Oterholm viste oss faktisk ei lita tjøremile i eit reagensrør. Luktprøven ga ingen tvil, det var tjøre.

 

 

Etter ei omvising på den nye Halsa barne- og ungdomsskole, (sjå meir om det her) besøkte vi MøreTyri, ei bedrift starta av Vidar Henden der dei vinn ut tjøre og lagar mange slags «malingsprodukt».

 

Henden fyrer «mila» i bakgrunnen med elektrisitet.

Ein «kjel» er på 1,5 m3 tyri. Den gir ca. 50 liter tjære.

 

Nedafor er fleire bilde. Klikk på dei og sjå dei større når du har lese bildetekstene!

 

3 Hasle takkar Oterholm
Eivind Hasle takka Einar Oterholm for foredraget.
13 Vidar Henden
Vidar Henden i MøreTyri
14 Tjære
Nyprodusert tjøre
15 Utslepp
Berre røyk, eller ein ressurs?
16 Ressurs
Det er brennbar gass
17 Produktoversyn MøreTyri
Vareprøver
18 Takk til Vidar Henden
Helene Marie Nergård takkar Vidar Henden for orientering og omvisning
19 Oterholm og Henden
Dagens hovudpersonar i Senioruniversitetet, Einar Oterholm og Vidar Henden