Nils Aukan

Referat fra møte i Indre Nordmøre Senioruniversitet:

UNDERVASSDYKKING I NORDMØRSFJORDANE

Knapt nokon av dei nesten 30 som høyrde Nils Aukan på møtet til Indre Nordmøre Senioruniversitet i Surnadal 19/9, kunne ha tenkt seg at det var så mangfoldig og fargerikt liv å finne i fjordane våre. Gjennom mange år har den tidlegare politimannen vore ein ivrig dykkar, men også ein svært dyktig fotograf som har skaffa seg store kunnskapar om – og ei fantastisk bildesamling – av livet i fjordane våre. Berre av sneglar var det her rundt 75 av de 90 sortane som finst i Noreg, og elles fekk vi sjå flotte bilde av til dømes tang og tare, anemonar, sjø-nellikar, korallar, blekksprutar, reker, kreps, edderkoppar, manetar, kråkebollar og ulike fiskar og variantar av  lysing, flyndre, skate, torsk, sild, kutling, makrell, uer, ål, lange. Nye sortar blir stadig oppdaga, og det er tydeleg at det enda er mykje ny kunnskap å hente i fjordane i nærområdet vårt. Tareskogen er som ein tropisk regnskog!

Noko anna som også vart tydeleg illustrert av foredraget, er kor sårbart mykje av livet er for forureining. Avlusingsmidla som blir brukt rundt oppdrattsanlegga tar raskt livet av både korallar og reker, og nye artar som til dømes russekrabben og St. Petersfisken kan raskt fortrenge gamle og kjende arter. Det er viktig å tenke nøye gjennom til dømes korleis kloakkleidningane blir lagt !

Spesielt interessant var det sjølvsagt også å lære om den spesielle undervassbiologien på kalkstranda på Glærum.  Her er livet uvanleg mangfoldig – og skolane synest å ha eit spennande «klasserom»  like i nabolaget!

Foredraget vart og krydra med nokre historier om dykking på Hustadvika etter vrak frå siste krig, som hurtigruta «Irma» som vart torpedert i 1944 og fiskebåten «Henry». «Irma» vart lokalisert så seint som i 1999, og ligg om lag 205 meter under overflata.

Bildet over: Nils Aukan.

Tekst/foto: Eivind Hasle.

 

Indre Nordmøre Senioruniversitet er medlem i Trollheimsporten.