Gjenbruk

Uniformer til NMS Gjenbruk

De som jobbar i NMS Gjenbruk på Skei har uniformert seg. For kundene er det dermed lettare å sjå kven som jobbar her. Det er ekstra viktig på ein slik butikk der det vert skifta personell frå den eine dagen til den andre.

Bildet over: F.v Gudrun Bele, Kirsti Skei og Kjellrun Heggem.

I tillegg er dette eit døme på misjon som går i ring på ein positiv måte. Misjonsarbeid kan vere så mangt, bl.a. å hjelpe folk til å få seg eit levebrød. Hjelp til sjølvhjelp er betre enn berre å ta imot. Elie Dolo i Mali driv som tekstilkunstner basert på rettferdig handel. Han har tilsatt 11 ungdomar. Han brukar kun økologisk bomull frå lokale produsenter. Når da alle dei 50 butikkane i NMS Gjenbruk kjøper sine "uniformer" blir det i første omgang ei utgift, men det kjem til stor nytte for spinnarar, vevarar, fargarar og skreddarar i Mali. 

 

NMS Gjenbruk Surnadal er medlem i Trollheimsporten.