Vel blåst og godt sagt

TrollheimsBrass gjorde Bøfjorden til eit klangfullt Böhmen med sin museumskonsert søndag. Og god musikk vart følgd opp med klangfull dialekt inne på sjøbruksmuseet.

Vel blåst a.jpg

Museumsentusiast Odd Ragnar Bekken er slagverkar i TrollheimsBrass. Som i fjor fekk han bandet med seg på museumsbesøk i heimbygda. Under open himmel leia dirigent Bjørn Stomsvik sine tropper gjennom eit friskt program – ikkje minst med tyrolermusikk.


Praktfull oppleving

Sabben ved museet tøffa taktfast til bandets første avdeling. Og når gruppa stilte med tyrolerkledde Venke Garte som «Marketenderin» - eit begrep du kan google! – vart opplevinga aldeles praktfull.

«Båhus Bataljon», «Egerländer Fuhrmannsmarsch», «Traum einer Marketenderin» og «Böhmische Sterne» kunne hørast langt utover fjorden. Og folk trødde med foten også til «Annen-Polka», «Böhmischer Windows» og «Böhmischer Traum». Velfortent applaus frå publikum og like fortent kaffeservering inne på museet!

Vel blåst c.jpg
TrollheimsBrass med dirigent Bjørn Stomsvik og «oppvartar» Venke Garte (i tyrolerbunad) skapte stor stemning ved sjøbruksmuseet. 


Verbale krumspring

Der tok Gunnvald Bøe ordet og drog fram godbitar frå lokal dialekt. Etymologen kåserte over «Krumspring i ordhistoria» og viste overraskande og artig samanheng mellom internasjonale uttrykk og vår daglegtale.

At «mate» i engelsk som «team mate» kjem av det norske ordet «mat» og at matros er «den du deler maten med», visste nok ikkje alle. Like eins at «scoringar» er talet på dei hakk du har «skore» i treet for å halde tal på det du skal rekne! Ja – ein mynt-skjerv og Skjerdingfjellet i Todalen er runne av same rot som «scoring».

Vel blåst d Marit Gunnvald Oddbjørn.jpg
Marit og Oddbjørn Gorsetbakk frå Rennebu fann mykje interessant på museet og i programmet. Her saman med kåsør Gunnvald Bøe (i midta), som gav dei dialektboka «Teft og tykkje» med på heimturen.
 

Dasbord, spirit - og haubrott

Bakgrunnen for «dashbord» var ei ahaoppleving: Brettet framme på hestevogna var der for å hindre sølesprut (dash). Da vogna vart til bil, fekk motor og trong instrumentpanel, vart ordet bruka vidare – som «dashbord».

Riktig åndfull vart forklaringa av «sprit». Opphavet er pusten – når vi «dreg anda» og somtid blir «andblæst». I pinsa kom Den Heilage Ande – på latin «sancte Spiritu». Og der ligg linken mellom pust, ånd, «fighting spirit» - og sprit!

Programmet munna ut i «haubrott» - eit betre dialektord for «quiz»! Og rundt borda vart det drøfta og fundert på kva «merragrynn», «stoe» og «paur» er for noko. Fleire bordlag gjorde det skarpt, og kvar vinnar fekk ein fyldig fasit med seg heim – nemleg historielagets dialektsamling «Teft og tykkje».


Tekst og foto: Bernt G Bøe