Handel_1024x683

Vellykka bokslepp

10 år etter at han gjekk bort, vart Hans Hyldbakk torsdag kveld heidra med Hyldbakk-kveld og romanslepp på Surnadal Kulturhus. Bortimot 40 menneske var til stades for å få med seg Svein Sæter kåsere og sleppe romanen “Brotne band”, som ikkje er gitt ut i bokform tidlegare, og som er den einaste romanen Hyldbakk skreiv i løpet av livet.

Boksalget gjekk strykande på Hyldbakk-kvelden i Svorkasalen torsdag kveld. Foto: Norunn Holten

Surnadal Heimbygdlag stod som arrangør av Hyldbakk-kvelden, og hadde laga rammer kring boksleppet som var i ekte Hyldbakkånd. Perikom, som er kjende for tonesetjing av mange Hyldbakk-dikt, bidrog med musikalske innslag som sette ei perfekt stemning for arrangementet.Dei stilte denne gongen berre med halv besetning, utan at det gjorde noko.

Sjølve boksleppet var hovudpost på programmet. Svein Sæter tala både om sjølve boka, og om forfattardraumen som rauk. Ja, til og med hovudpersonen sjølv hadde utruleg nok ordet; Det i form av eit lydbandopptak der han samtala med Alf Ramsøy og Svein og Einar Sæter.

Vil du lesa meir om bok og diktardraum, kan du klikke her. Da får du sjå kva vi tidlegare har skrive om dette.

Interesserte tilhøyrarar når Svein Sæter kåserer om Hylbakk og "Brotne band". Foto: Norunn Holten

 

 

Sverre Hatle frå Surnadal Heimbygdlag var tydeleg fornøgd under Hyldbakk-kvelden, og det hadde han god grunn til. Det var få ledige stolar under boksleppet. Her les han dikt frå den siste publikasjonen til Heimbygdlaget. Foto: Norunn Holten

Perikom spela både til underhaldning og allsong. Her spelar Håkon Fredreiksen (t.v.) og Karstein Mauset (t.h.) opp, Sverre Hatle dreg igang allsongen. Foto: Norunn Holten