Foto Helene Nergård

Vi treng noko vakkert å sjå på!

Det var mange gode poeng å få med seg då Elin Anita Aasland fortalde og viste bilde frå aktivitetane sine på Senioruniversitetsmøte i Surnadal 21. november.

Bildet over: Etter foredraget var det kaffe og kake frå hotellet, og i tillegg hadde Elin Anita Aasland med smaksprøver av heimlaga flatbrød, Gullknacks og Ølsprøtt. Elin Anita Aasland til venstre, saman med Anne Vognild Einum og Marie Drøivoldsmo. Foto: Helene Nergård.

Etter oppvekst i Halsa har ho tatt utdanning innanfor kunstfag og bakar- og konditorfag, og skaffa seg allsidig erfaring både som kunstmålar og bakar. Første utstillinga si som kunstnar hadde ho for snart 20 år sidan, i Kallastua i 1999, og seinare utstillingar mellom anna i Lademoen kyrkje og Tingvollkyrkja. No er ho og m.a. representert på «Haustlys»-utstillinga på Skei.

Men samtidig hadde ho blitt meir og meir engasjert innanfor bakarfaget, mellom anna med årlege kurs i 10 år på Sverresborg i flatbrød- og lefsebaking, og ho arbeidde no mykje som produktutviklar innanfor bakarfaget. «Flatbrødet er ein norsk kulturskatt», meinte ho, og understreka den norske kornhistoria, med flatbrødet som ein tilpassa måte å lagre kornet på. «Og bakar du fint flatbrød, unngår du å få skrukkute menn».

Ho var blitt svært opptatt av korn- og bakarhistoria, og var bekymra over stadig større tendensar til monokulturar innanfor kornproduksjonen. Medan vi hadde rundt 50 kornsortar i Noreg for 100 år sidan, var det no berre 8. Men samtidig er det aukande interesse for urkorn, dvs. eldre kornsortar som er betre tilpassa lokalt jordmonn og klima, og som greier seg betre til dømes når klimaet varierer mykje. «Kneipp-brødet er blitt ein katastrofe for bakarfaget», hevda ho, og viste bilde av brødfabrikkar som produserte brød ut frå hovudsakeleg importert korn. Anten det galdt brødbaking eller julekakebaking er handverksfaget i dag truga av standardisert industriproduksjon.

Tekst: Eivind Hasle.