Surndal AP 2019

Surnadal Arbeidparti presenterer listekandidatane til valet

Vil arbeide mot privatisering av kommunale tenester

Tirsdag presenterte Surnadal Arbeiderparti listekandidatane sine til kommunevalet i haust. Partiet vil òg sette fokus på ei av sakene som kjem i valprogrammet. Privatisering av kommunale tenester er ikkje vegen å gå når det blir trange økonomiske vilkår, meier dei.

Listekandidater Kort-page0001.jpg

Allereie i september presenterte Surnadal Arbeiderparti Annett Ranes som sin ordførerkandidat. Annett Ranes er nestleiar og kvinnekontakt i partiet, og sit som vara i kommunestyret i denne perioden.


Ei liste med god spreiing

Oddny Hoem, som er leiar i nominasjonskomitéen, seier at dei er godt fornøgd med lista. Det er viktig å få med folk med ulik bakgrunn og erfaring, ulike alder, og frå alle delar av bygda. Det har dei klart. Det er ei god blanding av nye og gamle kandidatar

- Vi meiner òg vi har fått til ei god fordeling i alder og geografisk spreiing i bygda, sier Hoem.

Surnadal Arbeiderparti skal ha to kummulerte på topp, ein ordførerkandidat og ein varaordførerkandidat, og det skal vera ei kvinne og ein mann. Dei er glad for at Helge Røv har sagt ja til å stå som varaordførarkandidat på nytt, og at partiet får med seg erfaringa hans vidare. Annett Ranes og Helge Røv er altså kummulert på toppen, medan resten av lista er alfabetisk.


Vil ikkje vere med på privatisering

Dei vil ikkje røpe så mye av det som skal stå i partiprogrammet enda, men det er særleg ei sak som dei har diskutert, som dei har eit klart standpunkt til og som dei vil trekke fram allereie no.

- Ved budsjettforhandlingane i haust kom privatisering/konkurranseutsetting av vaskeritenestene til kommunen opp som eit innsparingstiltak. Vi meiner at privatisering ikkje er vegen å gå når det blir trange økonomiske vilkår, sier Anett Ranes.

Privatisering av tenester som vaskeri går særleg ut over låglønna arbeidsplassar, og gjerne kvinner i deltidsstillingar. Det vil ikkje Arbeiderpartiet vera med på.

- Vi skal ikkje gå for løysingar som rammar dei som har det vanskeleg frå før, sier Annett Ranes. - Privatisering av vaskeriet blir framma som eit økonomisk besparande tiltak, men vi må hugse at kommunen er ansvarleg for desse tenestene uansett.


Frå partiprogrammet

I Surnadal Arbeiderparti sitt program for valperioden står det:

Arbeidslivet er i rask endring og kommunale tenester er utsette for press frå kommersielle aktørar. Det kan gi utslag i bruk av innleigd arbeidskraft og privatisering av tenestene. Arbeidarpartiet meiner dette er ei uheldig utvikling. Derfor må kommunen som arbeidsgivar sørge for forsvarleg offentleg drift, som er både effektiv og økonomisk konkurransedyktig.

Derfor ønskjer Surnadal Arbeidarparti å støtte etablering av nye, varige arbeidsplassar i kommunen, både i det offentlege og i privat næringsliv, samt arbeide aktivt for å behalde eksisterande arbeidsplassar.


Seier ikkje noko om skulestruktur

Skulestuktur står det ikkje noko konkret om Arbeiderpartiet sitt program.

- Det står noko om størrelsen på skular, seier Hege Røv. - Strukturendringar kan kome som eit resultat av det punktet, men det veit vi ikkje enda.


Bildet over:
Fremst: Jorid Aarvåg, Hlege Røv, Annett Ranes og Bitten Ranes.
Andre rekke: Olav Bergheim, Ann-Elin Stenberg og Odd Arild Sande.
Bakerst: Reidar Brøske og Ingrid Bergheim Andersen.